Badou klar for Haugesund

Skal "peisa på" i Eliteserien

Sogndal Fotball og FK Haugesund er samde om ein overgang for Alioune Ndour. Badou har signert ein tre-årig avtale med arabarane.

Badou kom til oss frå Florø for to år sidan, og markerte seg fort med sin høge fart og gode skot. Han står med 43 kampar for Sogndal, og det vart til saman 14 skåringar på den fotrappe frå Senegal.

- Dette er eigentleg ein fantastisk historie, seier Eirik Bakke, som sjølv om han tykkjer det er tungt å gje slepp på Badou, er óg glad på spelaren sine vegner.


- Badou kom til Florø, gjekk ein tøff veg der og kjempa seg opp og fram, og så tok han nye steg då han kom til oss. No er han klar for Eliteserien, og det er ein sjanse han har fortent.

Eirik trur bestemt at Badou vil passa godt inn i Jostein Grindhaug sitt mannskap, der han no blir lagkamerat med Ulrik Fredriksen.

- Badou er ein fantastisk gut. Han har fortent denne sjansen han no får i Haugesund, avsluttar Bakke.

Les også om overgangen på sidene til FK Haugesund

Me takkar Badou for to fine år i lag, og ynskjer han lukke til vidare!

Badou vs Mjøndalen 2020

 

Annonse fra Obos-ligaen: