
Bendik Bye klar for Sogndal
Har signert avtale som går ut 2018-sesongen
Sogndal Fotball og Bendik Bye (f. 9/3 1990) har i dag signert ein avtale som går i perioden 1/1 2017 - 31/12 2018. Bendik Bye er frå Steinkjer.
- Me er særs glade for å ha signert Bendik Bye, då han er ein spelar me har hatt under lupen lenge, seier sportsleg leiar Håvard Flo.
Bendik Bye var i Ranheim i sesongane 2011-2014, og har dei to siste åra vore i Levanger. Der har han spelt 58 kampar og notert seg for 26 nettkjenningar.
- Bendik er ein spelar med eit godt steg, han er bevegeleg og har stor løpskraft. Soleis vil han passe veldig godt inn i vårt spelesystem, seier Flo.
Publikumet på Fosshaugane har allereie sett skåringsfoten til Bendik, då han skåra to mål mot oss då me hadde Levanger på besøk i fjor. Under returmøtet i fjor haust var han ikkje snauare enn at han putta tre i nota bak Mathias Dyngeland!
- Han har vist seg som ein målfarleg spelar, og me jobba hardt for å få han hit i sommar, fortel Flo.
Det passa ikkje inn i planane til Levanger å gje slepp på trønderen då, og han kjem no som Bosman-spelar.
Som type er Bendik ein fin, jordnær gut, som i tillegg til fotballen har høgre utdanning i Fysiologi.
- Han er profesjonell og målretta, og ein lun trønder som vil passe godt inn i gruppa vår, avsluttar Håvard Flo.
Velkomen til Sogndal, Bendik!