Bli betre kjend med Luis Pimenta!

Her kan du bli betre kjend med vår nye hovudtrenar!

Luis Pimenta er ein portugisisk trenar som i ein alder av 43 år har mange imponerande resultat å vise til. Allereie som 15-åring valde han å satse på ein karriere som fotballtrenar. Etter oppveksten i Luxembourg flytta han som 18-åring tilbake til heimbyen Lisboa i Portugal, der han blant anna studerte ved Faculty og Human Kinetics. I dag har han 8 års universitetsutdanning innan fotball, coaching og leiing. Trenarkarriera byrja som trenar for eit ungdomslag i den portugisiske klubben Belenenses, men det skulle gå fleire år før draumen om å bli hovudtrenar vart oppfylt.

Hausten 2011 flytta Pimenta til Norge og vart spelarutviklar og trenar for Hønefoss sitt juniorlag. Samtidig var han ein del av teamet rundt A-laget på Ringerike og Hønefoss. I juni 2014 var det tid for trenarskifte, men Pimenta var klar for nye oppgåver allereie same året.

Opprykk og cupfinale

I september 2014 kom tilbodet om jobben som hovudtrenar for Kongsvinger. Dette var den fyrste jobben som hovudtrenar på seniornivå, og det tok ikkje lang tid før han markerte seg med gode resultat. I 2015 sikra dei eit overlegent opprykk til OBOS-ligaen med 20 poeng ned til nr. 2 på tabellen. Høgdepunktet kom truleg i 2016 når Kongsvinger spelte seg til kvalifiseringsspel i OBOS-ligaen og heilt fram til cupfinalen. Rosenborg vart cupmeistrar, men sesongen står igjen som ein imponerande sesong i klubben si historie. Etter 2016-sesongen takka han nei til ny kontrakt i Kongsvinger og fortsatte karriera i Sverige.

Suksess med våre neste menn

I 2020 vart Pimenta tilsett i NFF som hovudtrenar for G18 og G19-landslaget. Tida i NFF har gitt mange oppturar og imponerande resultat. På 3 sesongar har han trena Norge til 3 meisterskap på rad!

I 2022 leia han Norge G19 gjennom kvalifiseringa til EM året etter. I fyrste del av kvalifiseringa tok ein seg enkelt vidare til eliterunden etter 2. plass i gruppe med Serbia, Nord-Makedonia og San Marino. I eliterunden møtast dei aller beste nasjonane for å avgjere kven som får dei 7 plassane til EM. Her sikra Norge ein råsterk gruppesiger og slo ut stornasjonen Frankrike. Toppscoraren i kvalifiseringa: Vår eigen Erik Hovden Flataker.

I EM 2023 vart Pimenta og Norge historiske. Erik Hovden Flataker var involvert i turneringa og scora blant anna i opningskampen. I gruppespelet mot Spania, verstnasjon Hellas og Island enda dei utan tap og gjekk vidare til semifinalen. Det har ingen norske G19-lag klart før dei! Portugal vart diverre for sterke i semifinalen, men prestasjonen i meisterskapet er skriven inn i historiebøkene.

Erik Flataker jublar etter scoring for Norge G18
Erik Flataker har allereie mange kampar som spiss for Luis Pimenta

Hausten 2023 byrja kvalifiseringa til EM 2024, og også her vart det suksess for det norske laget med Pimenta som sjef. Norge vann gruppa si i både innleiande kvalifisering og i eliterunden. Pimenta hadde dermed leia Norge til meisterskap to år på rad. I begge kvalifiseringane var det Norge som hadde det beste angrepet i Europa! Verken Frankrike, England, Tyskland eller Portugal kunne vise til like gode resultat som våre gutar. Og i troppen som reiste til Nord-Irland i sommar var vår eigen Kristoffer Haukås Steinset med!

EM 2024 gjekk ikkje heilt slik ein drøymde om, og i gruppespelet enda ein på 3. plass bak tøff motstand i Italia og Ukraina. Det vart diverre ingen semifinale, men ein fekk moglegheita til å kvalifisere seg til VM 2025 i Chile. I ein nervepirrande playoffkamp mot Tyrkia enda det 1-1, men i straffesparkkonkurransen enda det heile 10-9 til våre gutar! Norge var klare for U20 VM i Chile, og Pimenta har tatt Norge til 3 meisterskap på 3 forsøk!

Norge U19 etter å ha kvalifisert seg til U20 VM i Chile
Luis Pimenta og Kristoffer Haukås Steinset saman med laget som kvalifiserte seg til U20 VM i Chile 2025!

Får med seg assistent

No går turen til Saftbygda for neste utfordring. Han kjem ikkje til Sogndal åleine, og har med seg ny assistenttrenar til A-lagsteamet. Miguel Barata, f. 14. april 1985, blir Pimenta si høgre hand dei to neste sesongane. Portugisaren jobba saman med Pimenta i Brommapojkarna i Sverige og Riga i Latvia. Dei siste sesongane har han vore assistenttrenar og analyseansvarleg for Sporting Lisboa sitt andrelag i Portugal.

Miguel Barata blir assistenttrenar under Luis Pimenta
Miguel Barata blir assistenttrenar under Luis Pimenta

Me er særs glade for at Luis og Miguel no er klare for Sogndal Fotball og gler oss til oppstarten i januar! Intervju med vår nye hovudtrenar kjem seinare!

Kjøp sesongkort 2025 her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: