Bli betre kjent med den finske duoen

Tuomas Pippola og Onni Helén har vist fram kjemien på bana i det siste.

Dagen etter tre nye poeng mot Haugesund har Onni Helén (20) og Tuomas Pippola (21) funne vegen til ein stad dei kjenner godt. Badstua.

For dei to unge finnane er dette ein naturleg del av restitusjonen, og ein vane dei har hatt med seg lenge før dei kom til Sogndal. Kanskje ikkje så overraskande. 

– Denne kjensla er alltid den beste. Så avslappande, seier Helén idet han kjem ut frå badstua.

– Det er veldig fint etter kamp. Badstu, kaldt vatn og god utsikt, det er heilt perfekt, seier Pippola.

– Me er jo finske folk, så dette er ein heilt vanleg ting for oss, legg Helén til.

Målpoeng

Sigeren mot Haugesund vart ein ny opptur for Sogndal. Og for dei to finnane.

Pippola leverte sitt fyrste hattrick i karriera, tre nye skåringar etter overtidsmålet i 3–3-kampen mot Bryne.

Tuomas Pippola
Tuomas Pippola

Onni Helén hadde eit godt innhopp mot Bryne og var sterkt delaktig då me henta opp 0–3 til 3–3, med to målgivande pasningar.

No fekk han sjansen frå start mot Haugesund, og kvitterte med to nye målgivande pasningar. Den eine var ei usjølvvisk servering til Sebastian Pedersen, medan den andre var eit framspel til barndomskameraten.

– Det er veldig kjekt å spele med han. Kjemien er der. Me treng ikkje seie noko til kvarandre. Me berre spelar, og det fungerer, seier Pippola.

Kjende kvarandre sidan barndommen

Relasjonen mellom Helén og Pippola går langt tilbake i tid. Dei vaks opp i byen Turku (Åbo på svensk) i sørvest-Finland og møttest tidleg på fotballbana.

– Me har kjent kvarandre sidan me var 12 og 14 år. Me møttest på ein fotballbane, fortel dei.

På fritida har dei brukt mykje tid på hytteturar og friluftsliv. Fiske står høgt i kurs

Onni Helén
Onni Helén

Dei har sjølvsagt også spelt mykje fotball saman. Først i junioravdelinga i Turun Palloseura (TPS), og seinare på A-laget. I fjor var dei med på å rykke opp til det øvste nivået i Finland.

Onni leverte 14 mål og 14 målgivande pasningar på 26 seriekampar. Det heldt til 2. plass på toppskårarlista i ligaen, og 1. plass på statistikken over målgivande.

Tuomas skåra 10 mål og stod for fire målgivande pasningar frå midtbaneposisjon, før han forsvann til Sogndal i august. 

I vinter kom kameraten Onni etter.

– Det var ikkje berre han som gjorde at eg kom hit, men det er sjølvsagt ein stor fordel. Det er godt å ha ein som kjenner bygda, klubben og garderoben. Det gjer det enklare, seier Onni.

Badsturåd

Før dei forlèt badstua, deler dei også nokre klare badsturåd.

– Du må kaste vatn på steinane. Du kan ikkje berre sitje der. Kast vatn og nyt varmen. Ver der i fem til ti minutt, så i kaldt vatn. Gjer det fem gonger, så er det bra, forklarer dei.

– Og hugs å drikke vatn.

Tirsdag var duoen tilbake på trening sammen med resten av laget. Neste moglegheit for tre poeng kjem på fotballens festdag. 16. mai møter me Hødd borte.

Allereie onsdagen etter kjem Stabæk på besøk til Fosshaugane.

Kjøp billettar til neste heimekamp her

Annonse fra Obos-ligaen: