Bli med i Målklubben 2025!

Bli med i Målklubben 2025 og støtt talentutviklinga i klubben!

Sogndal Fotball har dei siste åra lagt ned store ressursar i talentutvikling. Me har G14, G15, G17 og G19-lag som hevdar seg i nasjonale ligaer og fleire spelarar på aldersfastlagde landslag. Fleire og fleire får også sjansen på A-laget, og seinast mot Tromsø var det 8 spelarar frå Sogn og Fjordane på bana! Du kan bidra til at me får fram endå fleire av våre eigne, og samtidig vere med i trekninga av flotte premiar!

Meld deg inn i målklubben her!

Kva er Målklubben?

Målklubben er ei betalingsteneste der privatpersonar og bedrifter bidreg med eit valfritt beløp for kvart mål A-laget scorar. Minstebeløpet for privatpersonar er 10kr per mål, og i 2024 vart det berre 340kr å betale i løpet av eit år. Ein bestemmer sjølv kor mykje ein ønskjer å bidra med, og alle som er registrerte er med i trekninga av flotte premiar!

Kva kan ein vinne?

  • Hovudpremien i Målklubben 2025 er eit weekendopphald på Timlalodgen. Den nydelege hytta i Sogndal Skisenter kan bli di for ei helg om du er med i Målklubben.
  • Signert Sogndaldrakt 2025. Me deler ut 2 signerte drakter i løpet av sesongen!
  • Kul t-skjorte frå Sogndalbui. Me deler ut t-skjorte med trykk til 3 heldige vinnarar!
  • Supporterpakke m/Caps og skjerf. 5 heldige vinnarar får ein caps og eit skjerf.

Kva går pengane til?

Pengane som kjem inn frå Målklubben er øyremerkte talentutviklinga i klubben. Det vil seie at for kvart mål Erik Flataker og co scorar på A-laget, vil det bidra til at Viljar Stavø og resten av våre unge lovande får endå betre moglegheiter for utvikling. Sogndal Fotball legg store ressursar i akademiet og utviklingsavdelinga, og gjennom Målklubben bidreg du til å få fram endå fleire talent. 

Sander Granheim frå Sandane, Emil Hillestad frå Sogndal, Havila Bonabandi frå Kaupanger og Viljar Stavø frå Sogndal er alle eksempel på spelarar som har kome gjennom utviklingsavdelinga. Alle 4 har vore ein del av oppkøyringa til A-laget i år, og to av dei er ein del av B-lista for den kommande sesongen. Midlande frå Målklubben bidreg til at desse, og dei som kjem etter får best mogleg oppfølging. Tusen takk for støtta!

Meld deg inn i målklubben her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: