Bli med på bortetur til Åsane!

Sogndal Fotball inviterer til bortekamp mot Åsane søndag 11. oktober.

  • NB! Siste nytt: Turen er avlyst på grunn av for få påmelde. Me oppmodar folk til å samkøyre eller nytte kollektivtransport for å ta turen til Bergen og støtte laget.
  • Det er òg mogleg å sjå kampen hjå Malin Lounge Bar i Sogndal.

Sogndal Fotball inviterer til bortekamp mot Åsane søndag 11. oktober. Det blir sett opp buss frå Sogndal, og me håpar du ynskjer å vera med!

Det blir avreise frå Sogndal skysstasjon klokka 09.00. Etter kampen går turen direkte attende til Sogndal. Me håpar flest mogleg vil vera med og skapa ei god ramme rundt ein viktig bortekamp!

Før kamp blir det moglegheit for ei felles samling på Egon Åsane. Mat og drikke er ikkje inkludert i prisen og blir betalt av kvar deltakar. Deretter blir det felles marsj til stadion, og kampstart mellom Åsane og Sogndal er klokka 17.00. Alle deltakarar får kampbillett inkludert.

Inkludert i prisen:

  • Buss tur/retur Åsane
  • Kampbillett til Åsane – Sogndal i OBOS-ligaen

Pris:

  • Kr 550,- vaksen
  • Kr 400,- barn under 16 år

Turen blir gjennomført dersom me har nok påmelde.

Lenke til påmelding (TicketCo): Meld deg på her!
Påmelding innan tysdag 6. oktober.

Bli med på tur og støtt Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen:
Publisert: 25.09.2026, oppdatert: 08.10.2026
Skrive av: Sogndal Fotball