Bli med på busstur til den avgjerande kvalikkampen

Bli med til Bergen og returkampen i kvaliken, der alt skal avgjerast. Laurdag 28. november køyrer me buss til Bjarg – Sogndal på Stavollen.

Etter den første kampen på Fosshaugane søndag, vert det avgjort i Bergen om Sogndal spelar i OBOS-ligaen i 2027. Då vil me ha med oss så mange som mogleg på tribunen.

Bussturen skjer i samarbeid med Sparebanken Norge, Sognekraft og Lerum. 250 kroner dekkjer både buss og kampbillett: Meld deg på her

Slik vert turen

Bussen køyrer frå Sogndal skysstasjon kl. 07.30 laurdag 28. november. Kampen startar kl. 13.00, og me køyrer heim att rett etter kampen.

Det er 45 plassar på bussen. Vert interessa stor, set me opp ein buss til. Arrangementet er alkoholfritt.

Meld deg på

Påmeldinga skjer via TicketCo. Meld deg på tidleg, så veit me kor mange som vil vere med.

Busstur til Bjarg – Sogndal
🕢 Avreise laurdag 28. november kl. 07.30 frå Sogndal skysstasjon
⚽️ Kampstart kl. 13.00 på Stavollen
💳 250 kroner for buss og kampbillett
🎟️ Påmelding på TicketCo

Annonse fra Obos-ligaen: