
Bli med på KIWI BAMA CUP
Helga 22. og 23. oktober er det bånn gass!
Me har gleda av å invitere dykk til Kiwi Bama Cup Sogndal 22. og 23. oktober!
Då det er kamp i OBOS-ligaen laurdag mellom Sogndal og Start må me dela opp årskulla slik at gutar/jenter 6-9 år spelar laurdag. Gutar/Jenter 10-12 År spelar søndag.
Me håpar at mange blir med og lagar ein skikkeleg fotballfest mot Start! Me legg opp til at turneringa skal være ferdigspelt til OBOS-kampen startar kl 15.00.
Påmelding er open. Trykk på lenkje under.
