Bli med på laget mot Åsane!

Saftkokaradn har satt opp buss

Bli med på bortetur til Åsane!

Laurdag 13. mai klokka 15:00 spelar me bortekamp mot Åsane! Saftkokaradn arrangera tur frå Sogndal og no vil dei ha deg med på tur!

Me har fått ein god start på sesongen med to sigrar og to uavgjort. Det er endå to serierundar før me tek turen til Åsane Arena, men me har som mål å halde poengfangsten oppe. Då treng me god støtte frå tribuna. Bli med på å fylla opp bussen!

Turen går til Åsane Arena frå Sogndal Skysstasjon, via Vik og over Vikafjellet. Det vert avreise frå Sogndal Skysstasjon klokka 08:30, og ein tek ferja frå Hella ferjekai klokka 09:20. Det er mogleg å gå på bussen langs heile ruta, og det vert retur til Sogndal etter kampslutt. 

Påmelding skjer ved å fylle ut dette skjemaet eller ved å sende ein melding til 916 46 974 med fullt namn og kvar du ønskjer å gå på bussen.

Prisane for turen er:

Medlem i Saftkokaradn: 300kr
Ikkje-medlem: 450kr
Alle under 16 år: 250kr

Kampbilletten kjem i tillegg! 

Me håpar at mange har lyst å bli med på tur og set stor pris på alle dei som støttar oss!

Annonse fra Obos-ligaen: