BLI MED PÅ OBOS-TIPSET HER!

Er DU den beste tipparen i OBOS-ligaen?

Klikk her for å delta!


Me utfordrer deg som supportar til å bli med i OBOS-tipset, der du før kvar runde tippar utfallet av alle kampane, samt svarar på to spørsmål. Det skal delast ut flotte premiar, og me skal kåra den beste tipparen når sesongen er over. Er du klar for ein sesong full av fart og spenning? 

Når du logger deg inn, så må du velga din favorittklubb i OBOS-ligaen. Kallenamnet som blir vist i topplistene kan du sette under “Innstillinger” - “Rediger profil”. Dersom du ikkje gjer det, vil du visast i listene som anonym, evt. fornamn og første bokstav av etternamn dersom disse er fylt ut. Du kan følgje topplistene gjennom heile sesongen. Merk at det er først dagen etter rundens siste kamp at du vil kunne sjå oppdaterte resultat.

Me utfordrar deg som supportar til å tippa utfallet av alle kampane i OBOS-ligaen runde for runde. Det skal delast ut flotte premier, og me skal kåra den beste tipparen når sesongen er over.

Dei tre beste tipparane med høgast snitt-score etter endt sesong vinn følgande premier:

PREMIER

  • 1. Universal gåvekort kr. 5000 + 2 sesongkort til et valfritt lag i OBOS-ligaen 2023

  • 2. Universal gavekort kr. 3000 + 2 sesongkort til et valfritt lag i OBOS-ligaen 2023

  • 3. Universal gavekort kr. 2000 + 2 sesongkort til et valfritt lag i OBOS-ligaen 2023

 

Me kårer samstundes månadens beste tippar som vil motta følgande premie:

  • Universal gåvekort kr. 1000 + drakt frå din favorittklubb


I år introduserar me óg to nye konkurransar for deg og dine vener

Klubbliga

Når du registrerer deg så må du oppgi din favorittklubb. Her vil du konkurrera mot andre supportarar frå din klubb gjennom heile sesongen.

Me skal kåra 16 vinnarar – ein for kvar klubb. Vinnaren for kvar klubb stikker av med:

  • 2 sesongkort for sesongen 2023
  • 2 draktar
  • 2 skjerf

Veneliga

Kven er den beste tipparen i venegjengen? No kan du setja opp eigne ligaer med dine vener for å konkurrera mot kvarandre.

For å oppretta en veneliga, går du på “Topplister” og klikker på “Ny toppliste for vener”. Fyll inn namn på venelista og klikk “Opprett”. Ei ny toppliste er då oppretta. For å invitera vener, klikk på “Inviter” på toppen av venelista. Ein link kopierer då til utklippstavla, slik at du kan lima den inn i mail, messenger etc. Når dine vener besøker denne linken vil dei automatisk bli lagt til venelista etter registrering.

Kalkulering av poeng

OBOS-tipset held koken heilt inn, og jo lenger ut i sesongen me kjem jo meir poeng står på spel. Sjå utrekning under. Dei 10 siste rundene teller dobbelt, så her gjeld det å vera med heilt til slutt.

Runde 1 - 20:

  • Riktig svar på spørsmål 1 og 2: 5 poeng pr. spørsmål
  • For kvart riktige utfall på tippekupongen: 1 poeng

Runde 21 - 30:

  • Riktig svar på spørsmål 1 og 2: 10 poeng pr. spørsmål
  • For kvart riktige utfall på tippekupongen: 2 poeng

Dersom fleire deltakarar ender på lik score, kårast vinnar gjennom loddtrekning.

Ved å delta i konkurransen samtykkar du til at me kan senda deg e-post med informasjon og påminning i forkant av kvar runde i OBOS-ligaen. Dersom du ønskjer at me skal senda deg SMS (gratis) som ei påminning, så angir du det ved registrering. Dersom du ønskjer å avmelda deg frå å motta informasjon pr. e-post og/eller SMS, gjør du det ved å gå på “Innstillinger” - “Personvern” og klikka “Opphev” på disse samtykkene.

Lykke til!

Klikk her for å delta!

Annonse fra Obos-ligaen: