Blytungt tap på overtid
Fotball kan vere brutalt, og i dag fekk me kjenne på det langt inn i overtida
Det var ein jamn kamp mellom to lag som trengte poeng på Fosshaugadn i dag. I den fyrste omgangen bølga det fram og tilbake utan at nokre av laga kom til dei heilt store sjansane. Etter pause vart det meir underhaldande, og det enda med at me tapte langt inn i overtida.
Karadn byrja kampen kontrollert, men offensivt før pause. Ein kom til avslutningar og angrepsmoglegheiter, men det kom aldri ein skikkeleg målsjanse før laga gjekk til pause.
Etter pause var det tydeleg at begge lag trengte siger, og ein storma i angrep for kvar moglegheit ein fekk. I større og større grad var det karadn som tok tak i kampen, og i lange periodar var det stort trykk mot målet til Egersund. Sjansane kom, men avslutningane var ikkje gode nok. Pimenta og co la om til ein endå meit offensiv lagoppstilling, og karadn jakta mål med alle mann i angrep. Det gjorde at sjansane vart større, men kontringsromma vart også farlege.
Lars Jendal måtte i aksjon ved fleire høve og leverte nokre fantastiske redningar på bortelaget sine kontringar. Diverre skulle det ryke til slutt, og 5 minutt på overtid kom Egersund åleine igjennom og kunne sette vinnarmålet i ope mål. Blytungt tap etter ein omgang der ein jakta mål frå start til slutt.
Tusen takk for støtta til alle frammøtte på Fosshaugadn i dag! Me gjorde alt me kunne for å gå for sigeren, men i dag var det diverre ikkje nok. No gjenstår 2 kampar igjen av sesongen, og om alle resultat går vegen er det framleis ein teoretisk moglegheit for kvalik. Me skal kjempe til siste slutt!
STAO NO PAO!