Bolli fyller 40 år i dag!

Halve livet med Sogndal Fotball

I dag fyller vår kjære Rune Bolli Bolseth 40 år!

Me gratulera so mykje med dagen!

Rune Bolseth RosenborgB 2013 Foto - Rune Sjøberg (4)

Og kva passar vel betre i dag enn å henta fram teksten som skulle stått i vårens OBOS-magasin, skrive av Jon Navarsete. På grunn av Korona-pandemien vart OBOS-magasinet skrinlagt, enn så lenge.

Rune Bolseth kom til Sogndal i 1999 og gjekk rett inn på eit lag med spennande og kreative spelarar som Tommy Øren, Anders Stadheim og Alexander Ødegaard. Debuten kom i 2-2 kampen mot Hødd på Fosshaugane. Det vart opprykk til eliteserien alt året etter, då Sogndal spelte 2-2 og sende Vålerenga ned etter ein høgdramatisk kvalik-kamp i styrtregn på Ullevål.

- Det kan knapt bli meir dramatisk og følelseslada enn det me opplevde denne oktoberkvelden. Det var totalt kaos på slutten då me kjempa med 10 mann. Og at det var nettopp Vålerenga som fekk svi, gjorde det heile til ei nær ekstatisk oppleving, fortel Rune Bolseth om det kanskje største høgdepunktet i fotballkarrieren.

Rune Bolseth, Kjetil Holvik og Joel Cedergren

Rune Bolseth er av den heller stillferdige typen. Men som spelar ute på bana let han beina tala med ein finslepen teknikk og pasningsfot som mange kunne misunna han. 40-åringen har flest eliteseriekampar for Sogndal med sine 170. Dette er tre fleire enn Sogndalstrateg Asle Hillestad, som er den med flest kampar totalt for klubben. Bolseth med 188 kampar i OBOS-Adeccoligaen stoppa totalt på heile 358 offisielle kampar i den svart-kvite sogndalsdrakta. Han scora 60 mål dei 15 sesongane han spelte.

Glopparen kom til Sogndal frå Sandane som 19-åring etter å ha spelt tre år for moderklubben i den lokale 4. divisjon.

- Eg hadde vore på trening i Sogndal fleire gonger før eg reiste permanent. Då var eg 18 år. Overgangen til Sogndal 2 gekk heilt fint, og vegen til A-laget var heller kort, fortel midtbanespelaren.

Han sette straks sitt preg på sogndalslaget med overblikk og finurlege pasningar. Ja, nokre skikkelege langskot og fine mål vart det og. Eitt av dei gløymer han aldri. Det er Rune sin første kamp mot erkerivalen Brann på Fosshaugane i 2001. På stillinga 3-3 får Sogndal straffe i sluttminuttet. Rune gjer seg klar, men bak målet står horden av Brann-supporterar. Nokre kastar myntar inn på bana då Rune er i tilløpet. Han må stoppa opp.

- Det var ubehageleg. Men eg heldt roen. Tok ny fart og dunka ballen i mål. Me slo Brann, for ei kjensle, smiler Rune. I 2003 var han ein sentral spelar på eit sogndalslag som lenge kjempa i toppen av eliteserien.

Rune Bolseth VikingH 2013 Foto - Camilla Solheim

- Det var eit fantastisk lag, men litt merkeleg så «sovna» me på slutten sesongen. Hugsar spesielt då me hadde Rosenborg i kne på Lerkendal- Men som me opplevde fleire gonger, RBK slo tilbake og avgjorde, fortel Rune Bolseth. Han meiner og at 2016-mannskapet hadde stort potenisale med nokre svært gode kampar mot Molde, Viking, Vålerenga og Lillestrøm.

Rune Bolseth (1)
Godt driv med ballen

Etter tre år med Hønefoss FK i 2010, -11 og -12 returnerte Bolseth saman med familien til Sogndal og Fosshaugane.

- Tida med Hønefoss vart diverre prega av ein lei kneskade. Så pass alvorleg at eg ei stund lurte på om fotballkarrieren var over. Men eg fekk oppleva å slå Rosenborg med HFK på Lerkendal i 16. mai kamp. 1-0 scoringa i sluttminuttet, fortel glopparen

Å gå inn i trenarrollen hadde glopparen tenkt på i lang tid. Som kaptein på laget var han van med leiarrollen.

- Eg er ikkje den som ropar høgst og mest, men er veldig tydeleg når det er nødvendig. I garderoben tek eg gjerne ordet og seier tydeleg i frå korleis eg vil at me skal opptre, seier Rune.

I 2017 takka han ja til å starta trenargjerninga med Sogndal 2. Det var ei utfordring han likte. Han var og med og assisterte litt med Eirik Bakke og A-laget.

- Spennande og svært utfordrande kan du trygt sei. No har eg UEFA A-lisens og føler meg ganske trygg i rolla. Men det er eit stort ansvar å leia ei gruppe med profesjonelle spelarar. Tidkrevande, mykje tenking og grubling. Men også svært gjevande, er Bolseth si erfaring så langt.

1U3A0701
Bøe og Bolli på feltet

No skal han saman med Eirik Bakke og Marius Lenni Bøe jobba for å løfta prestasjonane og prøva å skapa eit lag som kan kjempa mot dei beste i OBOS-ligaen.

- Dei siste par åra har me vore for variable og ustabile. Me jobbar seriøst for å betra på dette. Eg føler me har god kjemi i trenartroikaen, og alle tre bidreg med det me er best på. I sum håpar eg dette vil gjera oss endå sterkare, slik at 2020 blir eit slagkraftig Sogndal, seier Rune Bolseth.

Om unge spelarar og utvikling, har han følgjande kommentar.

- I dagens fotball må dei beste spelarane tidleg inn i ei god trenings- og prestsjonsgruppe. Då eg sjølv kom til Sogndal om 19-åring, hadde eg tre år som spelar på seniorlaget i moderklubben Sandane. Det var god læring, men åleine ikkje godt nok. Difor reiste eg jamleg til Sogndal som 16-åring for å løfta treningskvardagen. Dette er heilt avgjerande viss du skal lukkast, meiner Bolseth.

No ser han fram til eit fotballår der han har større ansvar enn tidlegare.

- Eg har lært mykje, både som spelar og trenar. Føler eg har god ballast frå mi eiga karriere, så no gjeld det å overføra denne kunnskapen til dagens unge spelarar. Det er svært interessant, men også stor spenning om me lukkast, avsluttar 40-åringen.

Helgesen, Bolli og Mannsverk
Stolt trenar då Helgesen og Mannsverk signerte kontrakt

Namn: Rune Bolseth

Alder: 40

Tidlegare klubbar: Sandane, Hønefoss

Favorittlag: Liverpool

Favorittspelar: John Barnes/Maradona

Favorittmat: Biff med tilbehør

Favorittmusikk: Litt av kvart

Favorittfilm: Ingen spesiell

Hobby: Tid med familie, trenar for jentelag, sjakk og strategispel

 

Annonse fra Obos-ligaen: