Bolseth går til Molde FK etter 24 år i klubben

Rune Bolseth blir ny assistenttrenar i Molde FK og tek steget opp i Eliteserien frå 2026.

At Rune no går til Molde FK er nok eit døme på at Sogndal Fotball utviklar folk i ulike rollar som er attraktive for større oppgåver og klubbar. Han har sin siste dag i klubben i dag (tysdag) og er allereie på plass i Molde i morgon. 

Rune takkar alle i og rundt Sogndal Fotball 

Rune har ei lang karriere bak seg i Sogndal Fotball både som spelar og i ulike trenarroller: 

- Det er 27 år sidan eg debuterte på Sogndal i 1999 og eg har vore i klubben sidan då, utanom ein 3-års periode i Hønefoss. Eg set utruleg pris på alle relasjonane og alle dei gode folka som eg har jobba med i klubben. I forhold til den moglegheita eg no får så må eg spesielt få trekke fram Eirik (Bakke) og Terje (Skjeldestad) som ga meg tillitten til å gå direkte frå spelarkarriere til trenar for Sogndal 2, og deretter inn i A-teamet. 

Rune trekk òg fram utviklingsmoglegheitene og prestasjonskulturen i klubben som viktige faktorar for det som har forma han som trenar: 

- Hovudgrunnen til at eg no får denne sjansen i Molde FK er òg moglegheita eg har fått til å vere ein del av landslag og trenarkurs eg har teke. Det har gitt meg utvikling og relasjonar som har gjort dette mogleg. Sogndal har ein "standing" ute i landet på jobben som blir gjort her, og den prestasjonskulturen med alltid jakte neste som mantra har vore fundamentet vårt og har blitt viktig for min trenaridentitet. På utvikling og sal av spelarar har me vore gode, og spelarane har ofte lykkast der dei kjem – det ser eg på som eit kvalitetsstempel på det ein har lykkast med her. 

Rune ser fram til nye utfordringar i Molde FK og har samtidig trua på at Sogndal Fotball tek nye steg i 2026: 

- Det blir spennande å følgje Sogndal i året som kjem, og eg har stor tru på at Terje, Luis og resten av teamet vidareutviklar det som blei skapt i fjor og går ein god sesong i møte. Even inn i romjula var ei fin julegåve og gir ein ekstra piff inn i året som ventar. Eg reiser til Molde på onsdag med stor entusiasme for å bli litt betre kvar dag sjølv, samtidig som det er endå viktigare å gjere dei rundt meg betre. 

Sogndal Fotball ønskjer å takke Rune for ein framifrå jobb både som spelar og trenar, og me ønskjer han lykke til med nye utfordringar! 

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: