Brás reiser heim til Portugal

Sogndal Fotball og Diogo Brás er samde om å avslutte samarbeidet.

Sogndal Fotball og Diogo Brás (26) er samde om å avslutte samarbeidet og terminere kontrakten, som opprinneleg varte ut 2026.

– Me har gjort ei samla vurdering av samansetjinga av spelarstallen, den økonomiske situasjonen og kontraktssituasjonen til Diogo. Samstundes har Diogo familien sin i Portugal. Då opplevde me at dette var ei løysing som gav meining for begge partar, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.

Heim til familien

Diogo kom til Sogndal frå portugisiske UD Santarém før 2025-sesongen. Høgrebacken har bakgrunn frå Sporting-akademiet og har fleire aldersbestemte landskampar for Portugal, frå U15 til U19.

No er det tilbake til Portugal. For Diogo veg omsynet til familien tungt.

– Me kom fram til ei løysing som var bra for begge partar. Sambuaren og dottera mi er i Portugal, og det kjennest riktig å flytte heim att og vere nær dei, seier Brás.

Diogo Brás.
Diogo Brás.

26-åringen ser tilbake på tida i Sogndal med gode minne.

– Tida mi her har vore veldig bra. Eg har møtt mange fine menneske, og det har vore eit kjekt eventyr å oppleve Noreg og ein heilt annan kvardag enn den eg er van med frå Portugal.

Nærleik til naturen

Han trekkjer særleg fram livet utanfor fotballbana.

– Livet her er rolegare, med meir nærleik til naturen og meir fridom. Det har vore ei fin oppleving å kome utanfor komfortsona og bli kjend med ein annan kultur.

No ventar ein retur til heimlandet.

– Eg gler meg til å vere saman med familien igjen. Samtidig skal eg jobbe med å finne neste steg i karrieren og ein ny klubb i Portugal, seier Brás.

I Sogndal vart det 37 kampar, derav 28 frå start. Flo ønskjer å takke Diogo for tida i Sogndal.

– Diogo har vore ein profesjonell og positiv person å ha i klubben. Me ønskjer å takke han for bidraget og innsatsen i Sogndal Fotball, og ønskjer han lukke til vidare, seier Flo.

Me takkar Diogo for innsatsen i den kvite drakta og ønskjer han alt godt vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: