Brutalt tap mot Mjøndalen

Me var så nære, men det glapp på overtid

Mjøndalen vann 3-2 i dagens dramatiske avslutning av sesongen på Intility Arena i Oslo.

Stillinga til pause var 1-0 til Mjøndalen.

Etter kvilen utlikna me ved Akor på straffe, og like etter sendte Tomas Kristoffersen oss i leiinga. Mjøndalen utlikna heilt på tampen av kampen, og skåra sigersmålet sju minutt på overtid.



Les fyldig kampreferat på Firdaliven



Trenar Eirik Bakke var veldig skuffa over at resultatet vart som det vart, men var óg veldig stolt over den jobben gjengen hans har gjort denne sesongen.

Tusen takk til alle som har støtta opp om den fine gjengen vår denne sesongen! Det har vore eit tøft, rart og vanskeleg år for oss alle, der me ikkje har fått sjå så mange av dykk på tribuna, men me ser at de er med oss via nettet likevel - Tusen takk!

No skal Eirik og karane (og underteikna) pusta litt inn i det nye året - så kjem me tilbake med friskt mot i 2021, som skal bli vårt år!

Stao no pao!!


 

Annonse fra Obos-ligaen: