Byggjer vidare på godt samarbeid med GK Norge
Sogndal Fotball og GK Norge har forlenga samarbeidsavtalen sin ut 2027, og byggjer vidare på eit godt og viktig partnarskap. Partnarinnhald
GK Norge ein leiande teknisk entreprenør og servicepartnar innan mellom anna ventilasjon, byggautomasjon elektro og røyrfag. Gjennom avdelinga i Sogndal dekkjer dei regionen Sogn og Fjordane, der dei leverer tekniske løysingar og driftstenester til både offentleg og privat sektor.
Samarbeidet med Sogndal Fotball har over tid vore ein viktig del av klubben sitt nettverk av lokale partnarar.
– GK Norge er ein solid og kompetent samarbeidspartnar for oss. Dei bidreg med både fagkunnskap og lokal forankring, og som ein viktig partnar i utviklinga av klubben, seier konstituert dagleg leiar Ingrid Narum i Sogndal Fotball.
– For oss i GK handlar samarbeidet med Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer om mykje meir enn synlegheit. Det handlar om lokal forankring, rekruttering og å bidra positivt inn mot Campus, klubbane og lokalsamfunnet me sjølve er ein del av, seier Line Helén Pedersen, avdelingsleiar i GK.
Den nye avtalen sikrar vidare samarbeid dei komande åra, med eit felles ønskje om å styrkje både klubben og lokalmiljøet i regionen.