Cupen: Førde - Sogndal

Det er klart for 1. runde av cupen, og me skal til Førde!

  • Førde - Sogndal
  • Onsdag 10. april klokka 17:30
  • Førde stadion

Det er klart for NM, og me byrjar reisa mot Ullevaal stadion på bortebane mot Førde. Kampen skal spelast grasmatta på Førde stadion, og me håpar på ein skikkeleg cupfest på onsdag!

Førde tok ein sterk siger i serieopninga, og snudde 2-0 til 3-4 borte mot Bjarg. Det er aldri enkelt å møta Førde, og me må vera skjerpa for å ta med oss ein siger på onsdag. Er du i området, håpar me å sjå deg på Førde stadion på onsdag!

Resten av oppsettet for fyrste runde av cupen finn du her!

Kampane kjem tett for tida, og allereie på måndag kjem neste runde i OBOS-ligaen. I Bergen veit me at støtta frå publikum er stor, og me håpar me har ein sterk gjeng i ryggen denne gongen også! Allereie no kan du kjøpa billett på bortefeltet:

Kjøp billett på bortefeltet her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: