Cupen: Lagoppstillinga mot Førde

Her er dei utvalde til cupkampen mot Førde!

Det er klart for 1. runde i cupen, og me møter Førde på Førde stadion. Tore André har valgt ut sine 11, og det blir gjort litt endringar frå laget som vann mot Mjøndalen. Magnus Stær-Jensen får sin fyrste kamp for Sogndal. I forsvaret er det Mathias Øren som spelar høgreback, medan Andreas Hoven tek plass til venstre. Stopparduoen er Emmanuel Olugbe og toppscorar Daniel Arrocha.

Sentralt på midtbana er det Kristoffer Haukås Steinset og Isaac Twum som skal gå i krigen, og på topp er det Oliver Hintsa og Joakim Nundal som jaktar mål.

Lagoppstilling borte.png

På benken er det mange som er klare til å bidra utover kampen. Martin Høyland og Jacob Blixt Flaten får seg ein kamp på benken etter å ha starta to kampar i OBOS-ligaen. Offensivt er det Erik Flataker og Viljar Stavø som sit klare til å bidra.

Kampen kan du sjå på Sogn Avis / Direktesport!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: