Dansk midtstoppar har signert

Daniel Arrocha er klar for Sogndal

Sogndal Fotball og Daniel Michael Rodriguez Arrocha (f. 9. januar 1995) har i dag signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2024.

Daniel er på ein snarvisitt i Saftbygda og den sympatiske dansken gler seg til han kjem tilbake etter nyttår.

- Her får me det fint. Eg har vore i Sogndal nokre gonger før, og har alltid likt meg her, seier Daniel, som kjem til Sogndal i lag med sin kjæreste.

- Me er veldig glade over å ha signert Daniel, seier Håvard Flo

- Dette er ein spelar me har jobba over litt tid med å signere, det er utruleg kjekt at me fekk denne i boks, då Daniel er ein ettertrakta spelar i både Norge og utlandet, seier Flo.

Den danske drengen er frå Valby i Københavnområdet og har ein fortid i dansk 1. divisjon for HB Køge. Han står óg med 8 u-landskampar for Danmark.

I 2018-2019 spelte han for Nest-Sotra (Øygarden). Der spelte han i lag med både Renze Fij og Andreas Hoven.

- Renze og eg hadde ein veldig fin relasjon i spelet vårt, me hadde mange clean sheet i lag, seier Daniel som vil beskriva seg sjølv som ein leiartype i garderoben som får ro og tryggleik i gruppa.

Etter tida på Sotra, vart han sørlending i Grimstad og fekk rykka opp med Jerv. Han kjem hit med erfaring frå Eliteserien. Han har óg vore innom Mjøndalen.

- Eg er ein forsvarsspelar som gir alt, og eg likar å spela med ballen. Eg vil sjå på meg sjølv som ein rutinert og intelligent fotballspelar.

Håvard Flo er veldig nøgd med denne signeringa.

- Me får inn ein leiartype som har dei beste skussmåla frå tidlegare klubbar, og med Daniel om bord får me ein rutinert kar som vil vera med og visa vei for den nokså unge gjengen vår, seier Flo.

Dan1.jpg

No vert han Sogndøl.

- Eg har alltid likt å spela her i Sogndal. Det er ein fin, intim stadion og i lag med Renze har eg óg vore med på å vinna her. Eg håpar at mange kjem for å støtta laget i 2023, smiler han.

Han gler seg til å treffa resten av gjengen etter nyttår.

- Sogndal er ein profesjonell klubb med bra fasilitetar, og det er eit veldig spennande prosjekt Tore André Flo og teamet hans har starta.

Han fekk vera med på den fantastiske reisen Jerv var på, der dei rykka opp i Eliteserien i fjor.

- Det var ein utruleg fin erfaring – no ønskjer eg å oppleva det same her i Sogndal, avsluttar Daniel.

Me gler oss til å bli betre kjent med Daniel!

Velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: