Fofana og Flo

Defensiv midtbanespelar klar for Sogndal

Mohamed Didé Fofana har signert for 3,5 år.

Sogndal Fotball og Haifa FC er samde om ein overgang for Mohamed Didé Fofana (f. 8/4 1998).

Fofana har signert ein kontrakt som gjer han til Sogndal-spelar ut sesongen 2020. Den atletiske nittenåringen er frå Conakry, hovudstaden i Guinea som ligg i det vestlige Afrika.

- Fofana er ein spennande spelar som kan minna om Stephane Badji og Babacar Sarr, både i fysikk og spelestil, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Spelaren har vore i Sogndal ei stund allereie på prøvespel, og på treningane har han vist seg so godt fram at Flo og trenar Eirik Bakke ville signera han.

IMG_0623

- Dette er ein "sitjande" midtbanespelar, som gjer at me kan angripa med fleire, ein som dekkjer store rom. Me har leita etter ein slik type etter at Baba reiste, og på sikt håpar me at han kan fylla skoa etter han, seier Bakke.

Didé har gjort seg internasjonal erfaring i spel for U-landslaget til Guinea. Så seint som i mai var han med under U20-VM som pågjekk i Sør Korea. I gruppespelet møtte dei Argentina, Sør Koera og England. Han var lagets kaptein under turneringa.

- Me ser veldig fram til å jobbe i lag med Didé, seier Flo.

- Det blir spennande å vera med og forme han som spelar, på sikt kan han bli veldig god. Han har allereie komen godt inn i gruppa vår, han er ein flott gut.

Velkomen til Sogndal, Didé!


IMG_0664

(Spelaren er ikkje formelt speleklar endå då det gjenstår nokre overgangsrelaterte formaliteter)

Annonse fra Obos-ligaen: