Dei gode hjelparane til Sogndal

Sogndal: Seniorklubben er aktive som aldri før. No vil dei utvida aktivitetane og samstundes invitera damene med på laget.

Tekst og foto: Morten Sortland
Artikkelen er publisert i Stao no pao magasinet som er eit samarbeid med Sogn Avis.

– I seniorgruppa ligg det mykje kompetanse og kunnskap som på ulike måtar har bidrege til at Sogndal har hevda seg i toppen av norsk fotball i 40 år, seier leiar Geir Navarsete.

God innsats
Seniorklubben har sidan oppstarten i 2014 bestått av ei gruppe tidlegare spelarar, leiarar, trenarar og andre med interesse for Sogndal Fotball.

– Desse er ein ressurs som kan nyttast og målsetjinga er å inkludera fleire i den vidare utviklinga av klubben, seier Navarsete, som no håpar at damene også vil bli ein del av laget.

– Det er mange damer som gjer ein kjempeinnsats for Sogndal Fotball. Dei hadde sin eigen losje då seniorklubben vart starta, men no har damelosjen liggje brakk eit lita stund. Så då er det naturleg at dei får plass i seniorklubben, seier han.

Seniorklubben_3
kompetanse: Geir Navarsete seier at seniorgruppa har mykje kompetanse og kunnskap som på ulike måtar har bidrege til at Sogndal har hevda seg i toppen av norsk fotball i 40 år.

Klubb for alle
Navarsete strekar under at seniorklubben ikkje berre er ein gjeng pensjonistar, slik kanskje mange trur, men ein klubb for alle som ønskjer å gjera ein jobb for Sogndal Fotball.

– Det er mange gode ved å vera ein del av klubben, men så forventar me også at du yter tilbake i forhold til den kompetansen du sit inne med. Til dømes har me folk som driv med prosjektrelaterte oppgåver i organisasjonen til Sogndal Fotball for å avlasta dei litt.

God kompetanse
Det er nemleg liten tvil om at det er mykje kompetanse i seniorklubben, som vart starta opp av pådrivar Svein Bakke. Klubben har i dag over 150 betalande medlemmer og kriteria for å vera medlem er at du bidrege til fotballen i Sogndal og er villig til å bidra med ein ekstrainnsats for klubben.

– I dag driv me mykje dugnad internt på Campus, men me har planar om å gjera meir utover campusområde i framtida, seier Navarsete og held fram:

– Me er berre på teiknebrettet enda, men me har mellom anna fått med oss tidlegare fylkesmann Oddvar Flæthe i styret. Han har kome med mange gode idear.

Seniorklubben og Eirik Bakke_2
Faste samlingar: Seniorklubben har faste samlingar før heimekampane. Her har dei fått eigen losje av Sogndal Fotball og trenar Eirik Bakke tek alltid turen innom for å helsa på gjengen og for å prata litt om kampen.

Leksehjelp
Solidaritet, fellesskap, samhald og dugnad er nøkkelord hjå den ressurssterke klubben. Ein flittig gjeng av medlemmene bidreg sterkt til at Sogndal i dag har eit stolt fotballakademi for dei unge.

– På Sogndal-Akademiet kjem dei unge og håpefulle til duk og dekka bord rett etter skulen. Først får dei servert mat og så er det lekser før fotballtrening. Seniorklubben sørgjar for at det er ro og orden i kantina og etterpå sørgjar nokre pensjonerte lærarar for at elevane får leksehjelp.

Dugnadsånd
Seniorklubben var også pådrivar for å starta opp med den populære Grenda-cupen. Her stiller dei framleis som vertsskap og organiserer heile turneringa. 

– Me stiller også mannsterke som vertsskap på Lerum Cup og Eat Sleep Move-turneringa, kan Navarsete fortelja.

Elles fungerer dei som mentorar for A-lagsspelarane som kombinerer fotball og skule.

– Me har oppfølging med spelarane som går på vidaregåande slik at dei skal klara å fullføra skulen i løpet av tre år. Det ser me på som viktig og i dag har me med oss Ulrik Fredriksen, Johan Hove, Tomas Totland og Kristian Rutlin, seier Navarsete, som sjølv har vore rektor på Kaupanger skule i mange år. 

Viktig møteplass
Seniorklubben er mykje meir enn berre dugnad. Det er også ein viktig møteplass for medlemene i klubben.

– Me har mellom anna fredagskaffien på Campus. Dette er ein fin plass å bli betre kjent med spelarkvardagen og kva som rører seg rundt laget. Eirik Bakke har også stoppa opp og brukt tid på oss. Det har vore særs kjekt, samstundes som det har vore ein god sosial møteplass for oss. 

Seniorklubben_1
Gammal kjenning: Det er høgt under taket før kampane. Av og til tek også motstandarens trenaren turen innom "løvens hule". Då Sogndal møtte Strømmen i slutten av mai kom tidlegare Sogndal-spelar Espen Olsen innom for å helsa på.

Høgt under taket
Ein anna fast møteplass er under heimekampane. Her har seniorane fått eigen losje med utsikt mot stadion av Sogndal Fotball. 

– Dette har vore ein suksess. No er det stinn brakke kvar kamp og det er høgt under taket. Så er det servering av vaflar og kaffi, litt historier, besøk av hovudtrenar og av og til bortelaget sin trenar. Sjølvsagt har me også resultatkonkurranse på kampen, seier Navarsete, som seier at det er plass til fleire som vil bli med på laget.

Annonse fra Obos-ligaen: