Dei som alltid har vore med

Sogndal Fotball har hatt mange spelarar, trenarar og leiarar som har vore med på reisa frå bygdelag til topplag. Likevel er det nokre eldsjeler som er ekstra spesielle.

Frå grusbane og bygdekampar til eliteseriespel og Fosshaugane Campus. Frå store idear og draumar til ein klubb som har markert seg nasjonalt gjennom fleire generasjonar.

I år markerer Sogndal 50 år på eitt av dei to øvste nivåa i norsk fotball. Då er det naturleg å løfte fram tre frivillige som har vore med gjennom nesten heile eventyret.

– Eg har gått glipp av sju kampar sidan 1964, seier Nils Ølnes.

Saman med Kjell Hodlekve, Rolv Bjelde og fleire har han teke imot publikum, selt billettar, stått vakt og gjort tallause små og store oppgåver som har fått kampdagane til å fungere gjennom åra i toppfotballen.

Det skal dei også gjere på søndag, når Bjarg kjem til Fosshaugane i den første av to kvalifiseringskampar om plass i OBOS-ligaen 2027.

Me har vore heldige med konene våre. Me har fått lov til å halde på med dette i alle desse åra.

— Rolv Bjelde

Til saman nærmar dei seg 180 år som frivillige rundt klubben. Medan spelarar, trenarar og styre har kome og gått, har dei tre halde fram. Dei har sett Sogndal vekse frå ein liten klubb på ei enkel bane til eitt av dei meir spesielle fotballeventyra i landet.

– Då eg var på min første kamp, var det berre ei enkel grasbane. Det stod ei lita tribuna i betong langs sida, og det var ikkje noko særleg anlegg rundt slik det er i dag, fortel Nils.

Kjell Hodlekve vaks opp berre nokre hundre meter frå stadionområdet. Han hugsar godt korleis området såg ut då han var gut.

– Når eg samanliknar med korleis det var før, er utviklinga heilt utruleg, seier han.

– Når det kjem trenarar og leiarar frå store klubbar, kan dei ikkje forstå at det var mogleg å få til eit slikt anlegg på ein så liten stad som Sogndal, seier Rolv.

Ein del av gjengen som kvar kampdag bidreg til å få Sogndal Fotball til å gå rundt.
Ein del av gjengen som kvar kampdag bidreg til å få Sogndal Fotball til å gå rundt.

Vore med på alle opprykka

Dei har opplevd då Sogndal for alvor byrja å gjere seg bemerka. For Kjell står særleg 1970-talet fram som viktige år.

– Etter cupsesongen i 1976 og opprykket til 2. divisjon utvikla fotballen seg veldig mykje. Klubben har hatt ei enorm utvikling sidan den gong.

Han meiner det var fleire grunnar til at Sogndal lukkast.

– Me har hatt mykje skuleverksemd her, og mange fotballspelarar har kome til bygda av den grunn. Samstundes hadde me eit veldig godt lag og då Sogndal nådde nivå to i 1972, vart det lagt merke til, og gode lag trekkjer til seg gode spelarar.

Rolv trekkjer fram både lokal forankring og sterke enkeltpersonar.

– Det var mange lokale spelarar på laget i mange år. Det kjendest som eit fylkeslag, med mange gode spelarar frå Sogn og Fjordane som hevda seg på nasjonalt nivå.

Han meiner også at klubben har hatt viktige støttespelarar utanfor bana.

– Eg trur klubben har vore heldig som har hatt nøkkelpersonar med gode samband til fylke, kommune og stat. Utan dei hadde utviklinga truleg ikkje vore den same.

Fotball, folk og fellesskap

Men kvifor held dei fram år etter år? Svaret handlar sjølvsagt om fotball. Samtidig handlar det minst like mykje om menneska.

– Det er interessa som har halde meg gåande. Eg har kjent mange av spelarane gjennom åra, og då følgjer ein naturleg med, seier Nils.

For Rolv er forklaringa enkel.

– Interessa for fotball er grunnen til at eg har halde på så lenge. Eg spelte sjølv i ungdomsåra, og då eg var ferdig byrja eg som vakt.

Så legg han til det som får både Kjell og Nils til å smile.

– Ein annan viktig grunn er at me har vore heldige med konene våre. Me har fått lov til å halde på med dette i alle desse åra.

Alle tre trekkjer fram det sosiale som ein av dei viktigaste grunnane til at dei framleis møter opp.

– Det er klart kameratskapen betyr mykje. Me møtest og pratast. Det er ein viktig del av det, seier Nils.

– Det sosiale betyr utruleg mykje. Når me kjem på kamp og møter folk, sit og pratar saman, så er det ein viktig del av kvifor me held fram, seier Rolv.

Gjennom opprykk til Eliteserien, gjennom cupbragdene, gjennom gode og dårlege sesongar, har Nils Ølnes, Rolv Bjelde og Kjell Hodlekve vore på plass. Optimismen er alltid den same.

– Når du er supporter, må du møte opp og støtte laget. Sånn er det, seier Nils.

Denne saka vart skreve til jubileumsmagasinet vårt.

Annonse fra Obos-ligaen: