Deilig seier etter fantastisk andreomgang!

Ein vanvittig andreomgang enda med 3-2 siger mot Odd!


Før pause var det bortelaget som var best, men i andreomgang fekk me sjå ein heilt annan versjon av karadn. Oliver Hintsa og Erik Flataker er i storform og snudde kampen med sine scoringar!

Det var bortelaget Odd som byrja kampen best. I lengre periodar var det gjestene som hadde ballen, og karadn sleit med å skape sjansar. Det skulle også straffe seg når Syver Aas satte leiarmålet etter 15 minutt spelt. Utover omgangen var det teikn til betring, og Oliver Hintsa viste allereie før pause at han kunne treffe mål. André Hansen fekk avverga dei sjansane som kom.

Pausepraten såg raskt ut til å fungere, og det var ein heilt annan energi i heimelaget etter kvilen. Etter 53 minutt spelt kom den fyrste scoringa, og det var brennheite Oliver Hintsa som skulle sende oss tilbake i kampen. Flott kombinasjonsspel mellom Erik Flataker og Vegard Hagen sendte sistnemde fri på høgrekanten. Hagen fann Hintsa framføre mål, og svensken kom skliande inn mellom stopparane. 1-1 og karadn var i gang!

Berre 4 minutt seinare var det Erik Flataker sin tur! Eit bombardement mot André Hansen i Odd-målet byrja med eit langskot får Lukass Vapne. Returen var Oliver Hintsa fyrst på, men Hansen varta opp med ei feberredning. Den siste returen heada Erik Flataker i mål, og sendte Fosshaugadn til himmels! Jubelen vart diverre kortvarig, og berre to minutt seinare kom utlikninga frå bortelaget. 

Heldigvis er Oliver Hintsa i storform! 75 minutt ut i kampen kom den avgjerande scoringa, og igjen var det duoen Erik Flataker og Oliver Hintsa som leverte. Diogo Brás sendte Erik Flataker ut mot høgre, og spissen la inn mot sin makker. Oliver Hintsa gjorde som mot Sandviken, og heada inn vinnarmålet på fremste stolpe! Målscoraren var ein veldig nøgd mann etter kampslutt:



Det var mykje kjensler i sving når dommaren blas av kampen, og ein av dei som var mest glad var hovudtrenar Luis Pimenta. Me tok ein prat med ein stolt trenar som takka fansen for den fantastiske støtta!


4 sigrar på rad er fantastisk, men på laurdag går me for den femte. Me får ein ny kamp på Fosshaugadn framfor våre fantastiske supportarar, og skal kjempe for nye poeng mot Mjøndalen! Tusen takk til Saftkokaradn, Sogndalsrussen og alle andre som bidrog til stemninga i dag! Me håpar å sjå dykk igjen på laurdag!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!


Annonse fra Obos-ligaen: