
Deilig seier etter to mål frå Sebastian Pedersen!
Me tek 3 viktige poeng mot Stabæk! A-laget
Å vinne fotballkampar er alltid like godt, men når vinnarmålet kjem heilt på slutten blir det om mogleg endå betre. Sebastian Pedersen sine to mål sikrar 3 poeng mot Stabæk!
I fyrsteomgang kom karadn godt i gang, og allereie tidleg i kampen kom ein til gode sjansar. Målet lot vente på seg, men like før halvtimen sat den. Vegard Hagen fann Sebastian Pedersen, og spissen banka ballen i det lengste hjørnet. 1-0-leiing til pause og ein god fyrsteomgang var eit faktum.
Etter pause handla det meste om Stabæk, og heimelaget lot oss ikkje låne ballen mykje i den fyrste delen av omgangen. Det skulle straffe seg, og etter 54 minutt satte Joachim Nysveen inn utlikninga.
Utover omgangen var det framleis heimelaget som pressa, men karadn prøvde å skape sjansar på kontringar. Timinga sat ikkje heilt, og det stod framleis 1-1 med 5 minutt igjen. Då small det i begge stolpane, og berre marginar gjorde at Stabæk ikkje scora vinnarmålet. Istaden kontra karadn, og denne gongen sat alt heilt perfekt.
Eit sylfrekt hælspark frå Lukass Vapne spelte fri Diogo Brás ned på dødlinja. Høgrebacken slo eit perfekt innlegg mot bakerste stolpe, og der venta Sebastian Pedersen. Spissen stanga ballen i mål og sikra tre vanvitig deilige poeng!
Tomålscorar og matchvinnar betyr sjølvsagt ropet saman med bortefansen:
Tusen takk for støtta i dag! Det gir alltid litt ekstra energi å sjå så mange på bortefeltet, og i dag var det marginane som avgjorde! No er det full gass mot heimekampen mot Moss på laurdag! Kom på kamp!
STAO NO PAO!