Deilig siger mot Kongsvinger!

Karane slo tilbake og vann fortent



Les om kampen i Porten

Me drog i land tre poeng då me slo Kongsvinger med 2-1 i dagens kamp på Fosshaugane Campus. Alle måla kom før pause.

Det var bortelaget som kom best i gang då dei tok leiinga ved Jesper Grundt etter berre seks minutt. Han fekk blod på tann og skaut i tverrleggjaren nokre minutt etter. Som om ikkje det var nok, mista me kaptein Per-Egil Flo, som måtte gå av med skade. Mathias Blårud erstatta han.



Me håpar at Per-Egil er raskt tilbake.

No viste karane karakter, og dei jobba seg innatt i kampen. Det var difor fullt fortent då Mathias Blårud stanga inn utlikninga då det var gått 26 minutt etter ein flott dødball av debutant frå start Jónatan Jónsson.



Ti minutt etter hadde me snudd kampen då Andreas Hoven skåra til 2-1. Mannen frå Konnerud fekk ballen frå Hördur Gunnarsson og skåra i andre heimekamp på rad

2-1 vart både pause- og sluttresultat. Me kunne og burde ha sikra sigeren etter fleire store sjansar, og når me ikkje gjorde det, fekk Kongsvinger trua på at dei skulle få noko med seg heimatt. Det vart difor nokså nervepirrande mot slutten av kampen, ikkje minst for trenar Tore André Flo.



Det er alltid deilig å få Ropet i garderoben etter ein siger!

Les om kampen i Sogn Avis

Trenar Tore André Flo var både stolt og glad, og sliten etter kampslutt!





Me tok óg ein prat med Mathias Blårud. Og før har reiste over fjellet med bussen, var vår gamle ven Victor Grodås innom for ein prat.

Sogndal – Kongsvinger 2–1 (2–1)

OBOS-ligaen, 5. serierunde, Fosshaugane Campus, måndag 9. mai

Mål: 0–1 Jesper Grundt 6. min, 1–1 Mathias Blårud 26. min, 2–1 Andreas Hoven 36. min

Gule kort: Martin Ove Roseth, Valdimar Ingimundarson, Sogndal, Sander Marthinussen, Kongsvinger

Domar: Mathias Støfringshaug, Verdal IL

Tilskodarar: 1624

Sogndal (4–4–2): Renze Fij – Hordur Gunnarsson, Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo (Mathias Blårud frå 12.) – Jonatan Jonsson, Valdimar Ingimundarson, Ulrik Mathisen, Andreas Hoven – Kristoffer Hoven (Peter Godly Michael frå 46.), Kristoffer Nessø (Sondre Ørjasæter frå 67, Erik Flataker frå 90.)

Annonse fra Obos-ligaen: