Sjå måla: Deilig siger mot Ranheim
Me snudde og vann heime mot Ranheim. Tre deilige poeng!
– Me trong alle spelarane i dag, pluss dei bak mål. Det var fantastisk stemning. Innbyttarar som kjem inn og snur kampen, det er moro å sjå. Det var ein skikkeleg lagseier. Me hadde marginane med oss, men det var ein herleg siger, seier Eirik Bakke.
Første omgang starta tregt for Sogndal, men me kjempa oss raskt inn i kampen og skapte fleire store moglegheiter i siste halvdel av omgangen.
Etter 37 minutt kom utteljinga etter vedvarande press. Atli Barkarson slo inn frå venstre. På bakarste stolpe stod Elias Flo og sette ballen i mål. 18-åringen si første skåring for Sogndal!
Etter kvilen utlikna Ranheim umiddelbart. I ein svak Sogndal-periode gjekk dei opp til 2-1.
Så vakna me.
Tuomas Pippola stanga inn 2-2 etter eit innlegg frå Lukass Vapne.
Det såg ut til å ende uavgjort. Men så, på overtid, skaffa Tuomas Pippola straffe. Den tok han sjølv. Dessverre vart det bom, men Sogndal vann tilbake ballen og Kasper Skaanes fann innbyttar Preben Asp.
Han breisida ballen i mål og vart matchvinnar!
Og for nokre deilige jubelscenar det vart!
-
2Pires Brás
-
14Haruna
83'
-
18Hagen
83'
-
20Asp
70'
93'
-
24Bieszczad
-
30Stavø
-
35Hillestad
70'
-
36Årøy
-
88Otieno
70'