
Deilige 3 poeng på fotballens nasjonaldag!
Kasper Skaanes og Sebastian Pedersen sikra ein vellukka fest på Fosshaugadn! A-laget
Me inviterte til fest på Fosshaugadn, og både karadn og publikum leverte! Etter ein mållaus fyrsteomgang sikra Kasper Skaanes og Sebastian Pedersen at alle poenga vart igjen i Sogndal!
Det var ein omgang med mange store sjansar til begge lag før pause. Lars Jendal var som vanleg god mellom stengene, og den andre vegen stengde Sebastian Selin att for Åsane. Laga gjekk til pause på 0-0, men etter pause skulle scoringane komme!
Når det var spelt 54 minutt spelte karadn seg fint oppover venstresida. Martin Sjølstad fann Kasper Skaanes med eit flott hælspark inn i 16-meteren. Vår nr. 10 satte ballen kontant i mål på fyrste berøring, og sendte Fosshaugadn til himmels! Eit fortent leiarmål etter ein god periode i kampen!
Scoringa fekk fart på karadn, og den neste perioden var det bra trøkk mot Åsane sitt forsvar. Berre 7 minutt seinare kom utteljinga, og igjen var Kasper Skaanes involvert. Ute til høgre la han eit godt innlegg mot Oliver Hintsa. Svensken fekk avslutta frå kort avstand, men skotet vart redda. På returen venta spisskollega Sebastian Pedersen og banka ballen i mål! Det vart også sluttresultatet, og då kunne ein sleppe jubelen laus i garderoben:
Kasper Skaanes hadde verkeleg ein god kamp, og var involvert i begge scoringane. Me tok ein prat med midtbanespelaren etter dagens kamp:
Tusen takk for fantastisk støtte nok ein gong! Det er herleg å kunne juble saman med dykk etter ein deilig siger! No skal me nyte 17. mai, før ein rettar fokus mot Egersund på bortebane søndag 25. mai.
STAO NO PAO!