Der satt den! Me tek 3 viktige poeng mot Hødd!

Etter ein solid fyrsteomgang kom endeleg sigeren!


Karadn måtte levere, og i dag var det ingen tvil frå start. Scoringar frå kaptein Lukass Vapne og Sebastian Pedersen før pause sikra 3 viktige poeng. Hødd gjorde det spennande på slutten, men karadn klarte å dra sigeren i land.

Allereie frå start var det tydeleg at karadn var påskrudd, og med motoren til Kasper Skaanes kom ein til fleire gode moglegheiter. Vår nr. 10 var også nære å sende oss i føringa, men stolpen ville det annleis. Då tok kaptein Lukass Vapne ansvar og banka inn eit herleg langskot! 1-0 og ei fortent leiing etter 24 minutt spelt!

Karadn fortsatte å presse på framover, og Sebastian Pedersen er i målform. Fábio Sturgeon fann Kasper Skaanes på hjørnet av 16-meteren. Han la deretter til rette for Sebastian Pedersen, som kunne banke til frå 16 meter. Ballen suste i nettet og det stod 2-0 på Fosshaugadn! Det var også stillinga til pause.

Etter kvilen var bortelaget meir med i kampen, og det var ein jamn omgang. Etter timen spelt fekk allikevel Hødd ein sjanse ut av ingenting når Sebastian Haugland vart spelt åleine igjennom forsvaret. Åleine med Lars Jendal var han sikker og reduserte til 2-1. Mot slutten av kampen pressa bortelaget på for utlikning, og det vart spennande for dei frammøtte på stadion. Heldigvis klarte ein å halde ut, og sigeren var i boks. Då var det lov å endeleg sleppe jubelen laus:



Denne sigeren gjorde godt, og no skal me ta med oss den positive energien inn mot neste kamp! Allereie på søndag møter me Mjøndalen på bortebane, og me håpar å sjå mange på bortefeltet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: