Det nye styret samla for å ta tak i ein krevjande situasjon
Det nye styret i Sogndal Fotball har vore samla til to dagar med strategiarbeid på Fosshaugane Campus. Målet har vore å lytte, få innsikt og skape ei felles forståing av situasjonen i klubben og arbeidet som ligg framfor oss. Klubb
Gjennom to innhaldsrike dagar har styret fått orienteringar og hatt gode samtalar med dagleg leiar, avdelingsleiarane innan arrangement, marknad, kommunikasjon, sport, utviklingsavdelinga og breiddeavdelinga. Styret har òg møtt revisor, representantar frå Sparebanken Norge, Fosshaugane AS, Idrettssenteret AS og leiaren i Saftkokaradn.
Den første styreleiaren i Sogndal FK Damer, som var med på å byggje opp klubben, delte sine erfaringar og innspel. Hovudtrenar og kapteinsteamet var også innom for ein prat med styret.
Samlinga har gitt styret verdifull innsikt i både moglegheitene og utfordringane klubben står overfor. Samstundes er det framleis mange perspektiv me ønskjer å få med oss. Difor vil me halde fram med å møte og lytte til fleire av dei som har ei tilknyting og engasjement til klubben i tida framover.
På kort sikt skal me gjennomføre møte med dei tilsette og samarbeidspartnarane våre. Styret inviterer til eit ope møte søndag 8. november kl. 15.15 i andre etasje i Svingenbygget på Fosshaugane Campus (i etterkant av heimekamp mot Hødd). Her ønskjer me å informere om situasjonen, lytte til innspel og ha ein god dialog om vegen vidare. Alle som er engasjerte i Sogndal Fotball, er hjarteleg velkomne.
Krevjande prioriteringar framover
Det er inga løyndom at Sogndal Fotball står i ein utfordrande økonomisk situasjon. Dette krev tydelege prioriteringar, god økonomistyring og vilje til å ta naudsynte grep.

Klubben har allereie eit godt og gjennomarbeidd strategidokument med tydelege ambisjonar og verdiar. Utfordringa har vore å omsetje strategien til handling og sikre at organisasjonen arbeider systematisk mot dei måla som er sette.
For det nye styret handlar det difor ikkje nødvendigvis om å stake ut ein ny kurs, men om å skape struktur, tydeleggjere prioriteringar og sikre betre gjennomføring av strategien klubben har vedteke.
Styret har eit særleg ansvar for å sikre tydelege prioriteringar og god oppfølging. Men skal styret lukkast med arbeidet framover, må heile klubben, Sogn og Fjordane og dei som er engasjert i klubben dra i same retning.
– Sjølv om situasjonen til klubben er særs krevjande på fleire område, ser me også mykje positivt både i klubben og i kreftene rundt oss. Mange ønskjer å engasjere seg med både tid og økonomi, noko som gjer oss styrka i trua på kva bygda og Sogn og Fjordane kan få til om me løfter saman, seier styreleiar Egil Mundal.
Openheit og involvering blir viktig
Sogndal Fotball betyr mykje for mange. Klubben er avhengig av engasjerte tilsette, frivillige, samarbeidspartnarar, medlemer og støttespelarar for å lukkast.

I tida framover vil klubben prioritere dialog og involvering. Me ønskjer å lytte, lære og få innsikt frå dei som kjenner klubben frå ulike ståstader. Det skal vere trygt å kome med tilbakemeldingar, også når noko er vanskeleg, eller ein meiner at noko burde vore gjort annleis. Leiinga ønskjer ein open og ærleg dialog, og alle innspel er velkomne.
– Me må evne å gjere dei endringane som krevst, og ta til oss det me må bli betre på. Samstundes er me heilt avhengige av alle rundt klubben og bygda. Det sterke engasjementet me har sett den siste tida viser kva kraft som ligg i fellesskapet rundt Sogndal Fotball, seier dagleg leiar Ingrid Narum.
Me veit at det ligg krevjande avgjerder framfor oss. Samstundes har me stor tru på det som bur i klubben, og på kva me kan få til når ein arbeider saman mot felles mål.
Sogndal Fotball skal vere ambisiøs, utviklande, inkluderande og ærleg. Desse verdiane skal ikkje berre stå i eit strategidokument. Dei skal vere synlege i måten me arbeider på, prioriteringane me gjer og vala me tek framover.
Styret i Sogndal Fotball