Dette må du vite om VM-kampen

Det blir folkefest på Fosshaugane Campus når Noreg møter Frankrike.

Velkomen til VM-kamp! Noreg slo Senegal og er vidare i VM. Me kan faktisk vinne gruppa med siger over Frankrike!

For Lerum Cup-deltakarar er det diskotek på Quality Hotel Sogndal frå kl. 18.00. Felles tog frå kl. 19.30. Fosshaugane Campus opnar kl. 20.00. Kioskane vil vere opne.

Ola Skram lader opp til kampen frå kl. 20.30. Kampstart er kl. 21.00.

Hugs billett

Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å kome inn. Kampen er utseld.

Inngang og utgang

Alle går inn via Brageplassen og rett inn på kunstgraset. Brageplassen ligg mellom Sognekrafttribuna og Svingen-bygget. Ønskjer du å sitje på tribuna, går du opp dit frå kunstgraset.

Utgang etter kamp er same stad.

Sitteplassar

Me oppmodar alle til å ta plass på kunstgraset framfor storskjermen.

Det vil elles vere fri sitjeplass på Sognekrafttribuna og Sparebanken Norge-tribuna. Lerum-tribuna vil vere stengd.

Vil du opp på tribuna, går du opp frå kunstgraset. Det er tilkomst til Sognekrafttribuna frå begge hjørneflagga og midt på bana.

Sitteunderlag

Det er ikkje lov å ta med campingstol inn på bana, men du kan ta med sitjeunderlag.

Paraply

Det er ikkje lov med paraply. Blir det regn, er det regnkle som gjeld.

Toalett

Det er opne toalett i både Sognekraft-tribuna og Sparebanken Norge-tribuna. Sjå kart for tilkomst.

Parkering

Det er avgrensa med parkering i og rundt Campus. Ta beina eller sykkelen om du kan.

 

Ta kontakt ved spørsmål.

 

Annonse fra Obos-ligaen: