Alejandro Diaz

Diaz på utlån til Vancouver FC

Spissen skal spela i canadisk Premier League

Sogndal Fotball og Vancouver Football Club har inngått ein eittårig utlånsavtale for Alejandro Díaz Liceaga.

- Det har vore ein dialog med Alejandro over tid då det har vore vanskeleg for han å få nok speletid. I fellesskap kom me fram til at dette utlånet er riktig for spelaren, seier Håvard Flo.

Alejandro og familien har likt seg svært godt her i Sogndal, og dette var ein veldig vanskeleg beslutning for han.

- Jamt med speletid er viktig for Diaz, som no får ein restart i ein liga han kjenner godt frå før, der han var toppskårar og ein markant spelar i sitt lag, held Flo fram.

Sjølv om ting til dels har vore vanskeleg for Diaz i Sogndal, har han vore særs profesjonell inn mot laget, og me har blitt kjent med ein veldig sympatisk gut.

- Diaz er heil ved og ein fantastisk person, seier Flo.

Me håpar at utlånet vil gjera Alejandro godt og ønskjer han lukke til i Vancouver.

Annonse fra Obos-ligaen: