Didrik flytter heim til Bergen

Vår kjære fysiske trenar tek turen heim

Didrik Sundsbø kom til oss i 2019 og har gjort ein stor jobb her som fysisk trenar kombinert med masterutdanning på høgskulen.

Han tok raskt eit stort ansvar og har gjort ein framifrå jobb på det fysiske området inn mot spelarane i klubben. 

- Eg har hatt 1.5 veldig fine år i Sogndal fotball, og det er ein heilt fantastisk gjeng med spelarar og støtteapparat, og ein administrasjon som driver klubben framover kvar einaste dag, seier ein vemodig Didrik.

Me stifta vårt første bekjentskap med han då han var med som hjelp for fysioterapeut Trond Ripe under treningsleiren på La Manga vinteren 2019. 

- Eg har blitt tatt godt imot av heile gjengen, og kjem garantert til å halda kontakten med mange vidare også.

I august i fjor kom han til Sogndal for å studera, og vart då ein del av teamet rundt Sogndal 2

- Eg har lært ekstremt masse gjennom min tid i Sogndal. Spesielt når det kjem til viktigheiten av kultur, samhald, og utvikling. Dette er ting eg også synes ein ser att i årets versjon av Sogndal. Eit lag som står saman uansett, i oppturer, og nedturer. Eit lag som heile vegen har utvikla seg, seier Didrik.

Han har lagt ned mykje godt arbeid hjå oss, og han fortel om kva han tek med seg vidare.

- Korleis ein sprenger grenser, om det er fysisk, psykisk, eller taktisk. Korleis ein hele vegen har jobba dedikert, og med en tydelegheit på kva ein ønskjer å få til. Alt dette i eit år utanom det vanlege. Dette er kultur for meg, og det vil eg alltid ta med meg.

Didrik reiser heim til Bergen no. Det er ikkje heilt avklart om kva som skjer vidare, men dette skjer om kort tid.

- Eg er ekstremt stolt og audmjuk over å ha vore ein del av denne flotte fotballklubben Sogndal Fotball, avsluttar Didrik.

Tusen takk for strålande innsats, Didrik!

 

Annonse fra Obos-ligaen: