Draumedag med Sognekraft, Sogndal FK og spelarar frå Jotun og ÅTIL!

I går arrangerte Sognekraft ein fantastisk draumedag for Jotun J11 og ÅTIL J12!

I går arrangerte Sognekraft-konsernet ein fantastisk draumedag for Jotun J11 og ÅTIL J12 i samarbeid med Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer! Her fekk dei to jentelaga oppfylt draumen om å vera profesjonelle fotballspelarar for ein dag, og spelarar frå både herre- og damelag var med!

Som ein del av samarbeidavtalen med Sognekraft er Draumedagen ein av dei kjekkaste arrangementa me får bidra til i løpet av året. I år var det Jotun J11 som vart dei heldige vinnarane av ein draumedag saman med spelarar frå Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer. Dei inviterte med seg ÅTIL J12, og det var ein flott gjeng med unge fotballspelarar som kom på besøk til oss i går.

- Sognekraft-konsernet og Sogndal Fotball har hatt eit veldig godt samarbeid over mange mange år. Det er fantastisk kjekt å få til ein slik Draumedag her på Fosshaugane Campus, som igjen viser at me i lag gjev noko tilbake til regionen som er større enn oss sjølve. Det å få sjå at so mange ungar bli overraska og glade gjer noko med oss som klubb og som personar, fortel vår marknadsansvarleg Terje Teigen.

Spelarane vart henta med Stao no pao-bussen i Årdal og køyrt til Sogndal og Fosshaugane Campus. Hilde Østbø i Sognekraft tok dei med seg gjennom pressesona og inn i det aller heilagste, garderoben til A-laget. I garderoben venta deira heilt eigne drakter, gåver frå Sognekraft og alt ein profesjonell fotballspelar treng før ein viktig kamp. Spelarane fekk omvisning i garderoben, og når alle var klare kom assistenttrenar Rune Bolseth og hovudtrenar Martin Natvig frå Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer inn i garderoben. Dei kunne fortelje kva som skulle skje ute på Fosshaugane Campus, og spelarane fekk ein profesjonell treningsgjennomgang før dei sjølve skulle i aksjon. Sjå bilete frå gareroben her:

Etter seansen i garderoben gjekk turen ut for å trene på Fosshaugane Campus. Til hymnen over høgtalaranlegget og applaus frå Sogndal Fotball og Sogndal FK gjekk spelarane ut akkurat som i OBOS-ligaen. Deretter var det tid for lagbilete og så kunne oppvarminga starte. Her hadde spelarane frå herre- og damelaget førebudd ei treningsøkt med fleire kjekke stasjonar, og til slutt var det klart for kamp. Det vart mange tøffe duallar, flotte scoringar og heiarop i kampen og etterpå var det tid for autografar!

Etter ei god treningsøkt var det tid for pizza frå Pizzabakeren og Lerum sin Sprudlande Eple i Flostova. Alle spelarane fekk diplom og og det vart også tid til Tiktok-videoar før dagen var over. Etter ein innhaldsrik dag med mange gode opplevingar gjekk turen heim til Årdal med Stao no pao-bussen.

Det var kjempekjekt å å arrangere draumedagen saman med Sognekraft og Sogndal FK Damer. Me håpar at jentene har hatt ein fantastisk dag saman med oss, og at ein sit att med minner for livet. Kanskje ser me nokre av jentene tilbake på Fosshaugadn som Sogndalsspelarar eller som heiagjeng for både Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: