Ein triveleg trønder

Bli litt kjend med Bendik Bye

Bendik spelte 4 år for Steinkjer i 2.divisjon før han i 2011 meldte overgang til Ranheim for 4 nye år. Deretter venta Levanger 1.divisjon i 2 år før han hamna i Sogndal før sesongen 2017.


Kva er ditt beste Sogndalsminne så langt?


Det må kanskje vere kampen mot Sandefjord, med mål fem minuttar på overtid.


Kva tenkjer du om formasjonsendringa som dykk har hatt i vår?


Det har vore bra etter me la om. Eg har spelt litt mindre, men det kan endra seg etterkvart. Positivt på kort sikt har det iallefall vore.

Bendik Bye StabækH 2017 Foto - Rune Sjøberg (1)
Bendik Bye scora 2 mål i heimekampen mot Stabæk 2017. Foto: Rune Sjøberg

Korleis syns du treningsfasilitetane og Fosshaugane Campus er?


Heilt fantastisk! Eg trur ikkje det er mange andre plassar i landet du finn tilsvarande. Der ligg Sogndal langt framfor. Eg vart positivt overraska når eg kom hit.


Har du nokre fritidsaktivitetar utanom fotballen?


Det går mykje i fotball. Tidlegare har eg spelt litt golf, men moglegheitane for det er små her. Elles så er det ikkje så mykje. Bye har master i fysiologi, men no er det fullt fokus på fotballen. Godt å vere ferdig med skule etter 5-års utdanning, seier Bendik.

Bendik Bye TromsøB 2017 Foto - Rune Sjøberg
Bortekamp mot Tromsø 2017. Foto: Rune Sjøberg


Har du nokre tankar vidare om sesongen?


For min del er vell målet å spela seg inn på laget att. For laget sin del er det viktig å byggja vidare på det grunnlaget me har lagt so langt i sesongen.

Bendik Bye

  • Alder: 27

  • Vaks opp i: Steinkjer

  • Posisjon: Angrep

  • Kampar for Sogndal: 6

  • Draktnummer: 18

Annonse fra Obos-ligaen: