Ein trufast slitar takkar av

Taijo Teniste har flytta til Bergen

Tidlegare i haust vart det kjent at vår særs gode høgreback Taijo Teniste frå nyttår av blir bergensar. Han skal dei neste sesongane spela for Brann.

Taijo kom til Sogndal i september 2011 på lån frå klubben Levadia i heimlandet Estland. Han fekk debuten sin som innbytar i 0-0 kampen mot Aalesund på Fosshaugane, og debuterte frå start helga etter mot Viking i Stavanger.

6144822727_0c14383675_o
Fersk Taijo i Sogndal, frå debutkampen mot AaFK september 2011 (Foto: Rune Sjøberg)

Levadia er ein god klubb i Estland, me fekk ein merittert spelar med både cup- og seriemeisterskap i heimlandet. Han var óg på Estland sitt landslag. 

Taijo er ikkje den som snakkar høgst utanfor bana, og han har vore særs sparsommeleg med intervjua gjennom alle desse åra.

- Eg vel å la beina snakka for meg ute på bana, det er der eg har fokuset mitt, sa den veldig sympatiske estlendaren tidleg.

Det har difor ikkje vore så mykje merksemd rundt Taijo, verken her på sida eller elles i media. Det er nok ufortent, då Taijo er definisjonen på "Bra Mann". Han har alltid ofra alt for laget, og vore veldig lojal mot klubben desse åra.

Taijo Teniste StabækH 2017 Foto - Rune Sjøberg (1)
Kjent skue: Taijo gjer seg klar til langt innkast (Foto: Rune Sjøberg)

I garderoben og elles i klubben har Taijo stått fram som eit førebilete. Han er ein audmjuk og flott gut som er særs godt likt i klubben. 

- Det er ein bauta som reiser frå oss. Taijo har levert 100 prosent i kvar trening og kamp, han er tvers gjennom profesjonell, seier sportsleg leiar Håvard Flo, som og påpeikar at Taijo fortent har hatt stor respekt i gruppa.

Taijo spelte sju kampar under Harald Aabrekk, og etter ein solid haust som lånespelar, vart det ein permanent overgang før sesongen 2012.

Taijo Teniste FredrikstadH 2012 Foto - Rune Sjøberg (2)
Taijo som venstreback mot Fredrikstad og Tarik i 2012 (Foto: Rune Sjøberg)

Sjølv om Teniste er omtala som høgreback så har han kledd venstrebacken i ein rekkje kampar. Han har levert spel av høg klasse uansett. Då Estland sin landslagstrenar var på besøk i Sogndal i 2014, røpa han at Taijo var eit av dei første namna han førte på blokka då han tok ut laget til neste kamp. Etter at han kom til oss har han spelt over 50 landskampar for heimlandet, totalt har han no spelt 62 kampar med flagget på brystet.

Det var mange som forventa at han ville reisa frå oss etter nedrykket i 2014. Taijo blei med ned i OBOS-ligaen, og var ein av årsakene til at me rykka rett opp att. 

Taijo Teniste MoldeH 2011 Foto - Rune Sjøberg (6)
Taijo frå då det var gras på Fosshaugane (Foto: Rune Sjøberg)

Etter sesongslutt i 2015 trudde ein nok ein gang at han ville skifta beite, men lojale Taijo skreiv heller ny kontrakt, som altså går ut no ved årsskiftet. 

Det vart ein spennande avslutning på årets sesong, og i sin aller siste seriekamp som Sogndal-spelar skåra Taijo sitt aller første mål i kvitedrakta. Christian Grindheim hadde akkurat utlikna til 2-2, men berre minuttet etter dundra Teniste inn den viktige 3-2 skåringa mot Vålerenga. 

Videoen er ikke tilgjengelig.

Når han reiser frå oss står Taijo bokført med 178 kampar og ei skåring.

Tusen takk for eit strålande bidrag gjennom alle desse åra, og mykje lukke til vidare, Taijo!

Taijo Teniste RosenborgB 2017 Foto - Rune Sjøberg (1)
Neste gong han er på Lerkendal, er det som Brannspelar (Foto: Rune Sjøberg)

Annonse fra Obos-ligaen: