
Ein uheldig måltjuv
Bli kjend med Ole Amund Sveen. Spelarportrett
Ole Amund starta karriera si på heimstaden Redalen i femårsalderen. Her gjekk han gradene i aldersbestemt fotball, men spelte gjerne med dei som var 2,3 og 4 år eldre. Som 14-åring starta han å trene med A-laget i 3.divisjon. Her fekk han debut som 15-åring.
Etter dette gjekk han til 2.divisjon og Raufoss, spelte der i fire sesongar. Dei neste to åra spelte han for Strømsgodset, og var ein periode utlånt til HamKam. Her følte han at fekk mykje erfaring. Deretter gjekk han til Hødd, og var der i 2.sesongar før han kom til Sogndal. Då vart det eliteseriespel att, og det var målet heile tida. I 2016 var han laget sin toppscorar, med sju mål på blokka.
For tida er det trening det går i, koma seg på beina att etter skade. - Eg prøver å trena ekstra, og vera best mogleg førebudd til kvardagen. Det er litt kjedeleg, men eg trur eg ligg langt framfor skjema. Elles likar eg å sjå mykje fotball. Det trur eg er lurt for å bli god, fylgja med på motstandarar, seier Sveen.
Kven er du som person? Utanfor bana?
Eg er ein person med godt humør. Ganske sosial, likar å vera med gutane på laget. Har det veldig kjekt saman med dei, og trives veldig godt i Sogndalsmiljøet.
På bana då?
Der er eg veldig hardtarbeidande og likar å vinne. Likar ikkje å tape, som folk flest. Trur det er viktig å ha den driven i seg, avsluttar Ole Amund.
Ole Amund Sveen
-
Alder: 27 år
-
Vaks opp i: Redalen
-
Posisjon: Angrep
-
Kampar for Sogndal: 28
-
Draktnummer: 19