- Eit ærefullt oppdrag!

Tore André Flo gler seg veldig til å ta fatt på jobben etter nyttår.

I går kunne me informera om at ny hovudtrenar  etter avtroppande Eirik Bakke blir Tore André Flo. Flo tek over jobben 1. januar 2022, og har signert ein kontrakt med Sogndal som strekkjer seg over tre år.

Tore André har vore i Chelsea i åra etter avslutta spelarkarriere, og vil halda fram i den jobben ut året.



- Eg synes det er ein veldig spennande jobb, og eit ærefullt oppdrag, sa Flo då me snakka med han i dag. 

Tore André har vore spelar i klubben i to periodar (1993-1994 og 2011-2012) og er tydeleg på at Sogndal betyr noko ekstra for han.

- Det er ein klubb eg er veldig glad i og eg gler meg skikkeleg til å ta fatt!

Les også i Sogn Avis

Det var eit stort pressekorps som var samla i klubblokala i dag då Tore André signerte kontrakta. Her er video frå pressekonferansen.


Til VG fortel Flo at han forstår at nokre tykkjer det er litt seint å bli hovedtrenar i ein alder av 48 år. No ønskjer han å sjarmera med offensiv fotball i Sogndal.

Det er ein stolt Flo som fortel til TV2 - Ein av få jobbar som kunne fått meg til å seie opp i Chelsea.

Flo møtte pressa.jpg
Blide karar møtte pressa: Ole Erik Grinde, Tore André Flo og Jan Rune Årøy

– Eg er eit konkurransemenneske og har lyst til å jobbe i toppen, sa Flo til Porten

NRK var óg på plass, og Tore André var tydeleg: – Nokre seier at eg er for snill, men eg har vore i toppfotballen i meir enn 30 år no. Eg hadde nok ikkje overlevd så lenge om eg berre var snill, seier Tore André Flo.

Til Eurosport fortel Flo at han at han ønskjer at Sogndal skal vera ein attraktiv klubb for unge spelarar, og at han vil stå for ein offensiv og utviklande spelestil.

Me er veldig glade for at Tore André kjem heimatt - Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: