Eivind på utlån

Sogndal Fotball og Øygarden FK er samde om ein utlånsavtale for Eivind Helgesen.

Avtalen strekkjer seg fram til og med 31/7, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Det vart begrensa med speletid for den unge sogndølen i fjor, og Eivnd vil no få sjansen i ein god klubb i PostNord-ligaen.

- I Øygarden vil Eivind kome inn i ein god kampkvardag der han får spelt viktige kampar i ein god liga, dette vil utvikla han vidare, seier Håvard Flo.



Eirik Bakke er trygg på at Eivind vil vera i gode hender i Øygarden.

- Me kjenner Øygarden godt, og no med Tommy Knarvik ved trenarroret er me sikre på at dette blir ein fin og utviklande tid for Eivind, avsluttar Håvard Flo.

Me ønskjer Eivind masse lukke til i Øygarden!
 

Annonse fra Obos-ligaen: