Elias (17) har signert proffkontrakt

Elias Flo har gått heile vegen gjennom utviklingsavdelinga vår. No har han signert proffkontrakt med A-laget.

– Det kjennest veldig bra. Eg er glad og gleder meg stort til sesongen startar, seier Elias.

17-åringen har lagt bak seg eit imponerande år. Som 10-ar på Sogndal 2 i fjor banka han inn heile 18 mål på 21 kampar. Den sterke utviklinga førte til at han fekk hospitere med A-laget på hausten, noko som vart krona med debut i OBOS-ligaen i siste serierunde. Der tok han over stafettpinnen då han vart bytta inn for Per-Egil Flo.

Etter å ha trena fast med A-laget gjennom vinteren, har han no sett namnet sitt på sin fyrste proffkontrakt.

– Eg har hatt ei veldig bra tid i klubben sidan eg starta på guttelaget. Det er flinke trenarar og spelarar her som har hjelpt meg og gjort at eg trivst, fortel Elias, som onsdag også fikk debuten på U18-landslaget til Norge.

Kreativ spelar

Hovudtrenar Luis Pimenta er tydeleg på kvifor Elias no får plass i troppen. Han dreg fram ein spelar som ikkje berre har tekniske kvalitetar, men også den rette mentaliteten.

– Elias får kontrakt fordi han har utvikla seg godt. Samanliknar me dei tre fyrste vekene han trena med oss i fjor mot dei tre siste vekene i 2025, ser me ein enorm progresjon. Han jobbar hardt i gymmen, har auka tøffheita si og tek med seg mykje glede på trening. Det er fullt fortjent, seier Pimenta.

Trenaren trekkjer fram at Elias har vist stor lagånd i vinter ved å fylle rolla som venstreback då laget trengde det i byrjinga av oppkøyringa, før han no har fått meir speletid i si naturlege rolle som offensiv midtbanespelar.

Elias har markert seg mellom anna ved å skaffe straffespark mot Bjarg og levere målgjevande pasning til Sebastian Pedersens skåring mot Bryne. 

– Elias er ein offensiv og kreativ spelar som kan gi entusiasme til publikum. Han tør ting som også spreier seg til dei andre spelarane. Elias er også god til å ikkje tenkje på noko – berre kose seg med fotball. Kor mykje speletid han får i år, blir ein konsekvens av hans utvikling og prestasjonar, som har vore bra til no, seier Pimenta.

Ein merkedag

For oss er det ekstra stas å signere ein spelar som har gått heile vegen gjennom utviklingsavdelinga vår.

– Det er dette som er mandatet vårt: Å utvikle spelarar som er gode nok for A-laget. Kvar gong nokon går heile vegen, er det ein gledens dag for klubben, seier utviklingsansvarleg Anders Stadheim.

Elias knakk nokre kodar for Sogndal 2 førre sesong. Stadheim dreg fram trenarane Nils Tore Krosshaug og Kristoffer Valsvik som viktige støttespelarar på vegen. Valsvik, som er ny hovudtrenar for Sogndal 2 i år, har stor tru på ungguten.

– Elias fekk mykje tillit av Nils Tore for Sogndal 2 i fjor og var involvert i nesten alt av skåringar. Han er god i trange rom, sterk ein-mot-ein og har ein bra skotfot. Dette er ein spelar som også kan skape ubalanse hjå motstandarane i OBOS-ligaen, seier Valsvik.

«Gøy-faktoren» er nøkkelen

Nils Tore Krosshaug, som trena Elias i fjor, meiner suksessen ligg i hardt arbeid og speleglede.

– Elias skal ha all ære for dette sjølv. Han starta sesongen i fjor litt forsiktig, men etter nokre samtalar om å bety meir for laget, stod han verkeleg i det og jobba steinhardt. Det herlege med Elias er at han alltid har den «gøy-faktoren» med seg, og det var viktig at me ikkje låste han for mykje. Han har mykje kreativitet i seg, og det måtte me ta vare på, seier Krosshaug.

Elias blir den åttande Flo på kontrakt med Sogndal. Tidlegare har pappa Tore André, onklane Jostein og Jarle, samt Håvard, Fredrik, Ulrik og Per-Egil vore på kontrakt med A-laget. I tillegg har bror til Elias, Johan, cupkamp for Sogndal.

– No blir det viktig for han å halde fram med det gode arbeidet og vera tålmodig. Sjansen vil kome, seier Krosshaug.

Annonse fra Obos-ligaen: