Emanuel Grønner til FC Shkupi i Nord-Makedonia!

Sogndal Fotball og FC Shkupi i Nord-Makedonia er samde om ein permanent overgang for Emanuel Grønner

Sogndal Fotball og FC Shkupi er samde om ein permanent overgang for Erik Emanuel Longe Grønner.

Emanuel kom til oss frå Kjelsås før 2022-sesongen etter eit vellukka prøvespel i oppkøyringa. I den fyrste sesongen på Fosshaugadn vart det 24 kampar og 9 mål i OBOS-ligaen og NM. I 2023 gjekk turen til Grimstad og Jerv på utlån fram til sommaren. På hausten var han tilbake i Saftbygda, og kjempa for poeng i kvitedrakta. 

No går turen til Nord-Makedonia og hovudstadslaget FC Shkupi. Dei kjempar i toppen av heimleg liga og ligg an til spel i Europa.

Overgangen har materialisert seg då både klubb og spelar har kome til felles einigheit om at eit salg er riktig for begge partar.

- Dette er ein fin moglegheit for Emanuel. Han går til ein klubb som satsar hardt i sin divisjon og har moglegheit for spel i Europa, seier Håvard Flo.

Me takkar Emanuel for innsatsen i Sogndal og ønskjer han lukke til vidare!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: