
Emil Lunde Hillestad har signert kontrakt!
Ein ny Sogndøl har skrive kontrakt med Sogndal Fotball! Utviklingsavdelinga A-laget
Sogndal Fotball og Emil Lunde Hillestad, f. 11. februar 2009, er samde om ein avtale som strekkjer ut juni 2028.
Emil Lunde Hillestad har vore Sogndalspelar heile livet, og er ein ekte Sogndalsgut. Han er son av Sogndallegende Asle Hillestad, som er den spelaren med flest kampar for klubben. Emil har spelt på alle dei aldersbestemte nivåa, og gått gradene gjennom løpet til utviklingsavdelinga.
- Det er veldig stort å signere kontrakt. Det har vore ein del samtalar med nokre klubbar dei siste vekene, så det er godt å lande. Eg er oppvaksen her, og det er ein tryggheit å signere med klubben eg har vakse opp i. Eg er veldig glad.
Emil er ein talentfull midtstoppar som berre er 16 år. I fjor fekk han debuten for Norge sitt G15-landslag og spelte 4 kampar i løpet av sesongen. I år har han vore ei viktig brikke for Tore André Flo sitt G16-landslag, og fått prøve seg som kaptein i fleire av dei 5 kampane. Han fortel om gode opplevingar på samling:
- Det er ekstremt kjekt å representere landet sitt. Ein får gode referansar på kvar nivået ligg, og det er eit høgt nivå internasjonalt. Det viser at ein berre må jobbe på vidare for å ta nye steg, og det er no jobben byrjar. Å få vere kaptein var veldig kjekt.
I 2024 fekk Emil sine fyrste kampar for Sogndal G19 og Sogndal 2. Han viste raskt potensialet sitt, og i vinter fekk han også prøve seg på trening og i kamp med A-laget.
- Det var ei veldig fin gruppe, og dei har bidrege til at eg har fått utvikle meg bra. Patrik [Karoliussen] er ein fantastisk trenar, og eg vart tatt veldig godt i mot av gruppa. Det siste året saman med dei har vore ein stor del av utviklinga mi til no.
- Det var veldig stort å få trene med A-laget. Det har alltid vore målet å kome inn i troppen, og Luis [Pimenta] har gitt meg mykje tillit i oppkøyringa, i både trening og kamp. Eg har blitt veldig godt tatt i mot her også, og gler meg veldig til fortsettelsen.
Sogndal 2-trenar Nils Tore Krosshaug fortel om ein reflektert og hardarbeidande spelar:
- Fyrst og fremst har han gjort jobben sjølv, men han har også hatt eit bra lag rundt seg som har bidrege til den flotte utviklinga. Å spele for Sogndal 2 samtidig som at han får trene med A-laget legg forholda til rette, og så har han gjort ein veldig god jobb sjølv for å ta steg. Han er ein veldig reflektert spelar, les spelet godt og er god i duellspelet. I tillegg er han bra med ballen og ein moderne midtstoppar som tek gode val, fortel Krosshaug.
Utviklingsansvarleg Anders Stadheim fortel at kontrakten gir ein tryggheit for både spelaren og klubben:
- Interessa frå andre klubbar er veldig stor, og spesielt landslagsspelarane får eit stort press på seg. Kampen om signaturen til desse spelarane er hard, og me ser behovet for å beskytte både oss og spelaren tidlegare enn før. Det er ein tryggheit for oss, og ein tryggheit for spelaren å skrive kontrakt, slik at ein kan fokusere på den vidare utviklinga i klubben. Dette er kjekt for både Emil og alle dei flinke trenarane han har hatt gjennom åra som Sogndalspelar, både i breidde og utviklingsavdeling. Me har stor tru på at dette blir bra for alle partar, fortel Stadheim.
Me gratulerer Emil med sin fyrste kontrakt, og gler oss til mange fine stunder i lag dei kommande åra!
STAO NO PAO!