Emil Pálsson er på plass

Den islandske midtbanespelaren kjem på lån frå Sarpsborg 08 ut sesongen

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein låneavtale for midtbanespelar Emil Pálsson (f. 10. juni 1993) ut sesongen 2021.

Emil er på plass i bygdi og har allereie hatt sin første trening med Eirik Bakke og resten av karane i dag.

- Me er veldig glade for å få Emil på plass her, seier Håvard Flo.

- Me har jobba med å få inn Emil, det er ein spelar som vil tilføra oss verdifull erfaring etter ein innhaldsrik karriere både på Island og i Norge, seier Flo.

Den islandske karen er ein hardtarbeidande defensiv midtbanespelar, han er 185 på strømpelesten og ein rutinert kar.



- Eg håpar å bidra med trøkk på treningane, og at me skal fortsetja med å vinna kampar, slik at Sogndal kjem tilbake i Eliteserien, seier den sympatiske islendingen.

Med FH Hafnarfjördur spelte han både Champions League- og Europa League-kampar på Island. I 2018 kom han til Sandefjord, der han står bokført med 50 kampar for A-laget, då både i Eliteserien og Obos-ligaen. Før årets sesong vart han klar for Sarpsborg 08, der han står med 15 kampar i Eliteserien og NM. Emil har óg spelt med det islandske flagget på brystet.

Eirik Bakke har henta islendingen for at han skal spela kampar.



- Det er ein fantastisk fin fyr, med god erfaring. Me gler oss til å sjå han i kvitedrakta, seier Bakke.

- Me vil óg få takka Sarpsborg 08 for at me får låna Emil, seier Flo. Han fortel at det har vore ein fin prosess rundt overgangen, og at det over lang tid har vore gode relasjonar mellom Sarpsborg 08 ved sportssjef Thomas Berntsen og Sogndal.

Velkomen til Sogndal, Emil!

Les også: Pálsson lånes ut til Sogndal / Sarpsborg 08

Annonse fra Obos-ligaen: