Emanuel er klar

Erik Emanuel Longe Grønner har signert for Sogndal

Sogndal Fotball og Kjelsås IL Fotball er samde om ein overgang for Erik Emanuel Longe Grønner (f. 18/2 2001). Osloguten har skrive ein kontrakt som gjer han til Sogndalspelar ut sesongen 2024.

Emanuel har allereie vore med oss ei stund, då i to perioder. Først var han med då me slo Hødd i Sognahallen, deretter vart han med på treningsleiren i Marbella.

273841197_10159621760616544_1250818723386623226_n.jpg
Emanuel i kvitedrakta då me møtte Kongsvinger på Dama de Noche i Marbella i februar (Foto: Rune Sjøberg)

- Dette er ein spennande spisstype med mykje kraft og fart, en spelar det vil bli interessant å utvikla vidare, seier Håvard Flo.

- Etter to opphald med gjengen, la Oslo-guten att eit veldig godt inntrykk, held Flo fram.

Emanuel kjem frå ein idrettsfamilie i Oslo der han og lillesystera tidleg fekk interesse for ski og fotball. Han var i den tradisjonsrike klubben Lyn til han som femtenåring prøvde seg i ungdomsavdelinga i Vålerenga.

Han var så på utlån til barndomsklubben og debuterte med vaksenfotball for Lyn i PostNord-ligaen.

- Det var fint å vokse opp på Tåsen i Oslo. Det gjekk mykje i idrett, spesielt fotball. Frå eg var tolv var eg bestemt på å satsa for å bli ein god fotballspelar, seier Emanuel.

Før 2021-sesongen vart det overgang til Kjelsås, der han spelte vårsesongen. Han var på utlån til Bærum under haustsesongen.

Dei neste åra skal me få sjå han i Sogndalstrøya.

- Eg er veldig glad for å vera her. Det var eit lett val for meg å ta då Sogndal kom på bana, då eg veit at eg her kan utvikla meg vidare, seier spissen som legg til at det blir spennande å få jobba med trenar Tore André Flo.

- Han veit kva som skal til for å bli ein god spiss, eg håpar eg skal få lært mykje av han.

273160653_10159605821321544_4075553603628219464_n.jpg
Emanuel skåra på straffe i treningskampen mot Hødd (Foto: Rune Sjøberg)

Det har vore ein fin dialog og ein god prosess rundt overgangen mellom Kjelsås og Sogndal, og Håvard Flo takkar for samarbeidet.

- No når Emanuel skulle ta steget vidare, er me veldig glade for at han valde oss, det det var i konkurranse med andre interesserte klubbar, smiler Flo.

Me gler oss til å bli betre kjent med Emanuel! Velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: