Endeleg siger og 3 poeng mot Raufoss!

Der satt den endeleg - Karadn tek med 3 poeng heim frå Raufoss!


Med 2 månadar sidan førre siger var det verkeleg på tide å ta 3 poeng igjen, og karadn leverte mot Raufoss. Oliver Hintsa og Sebastian Pedersen er tilbake i målform, og me tek med oss ei god kjensle inn mot dei 3 siste kampane av årets sesong!

Karadn var påskrudde frå start og tok initiativ i kampen på Nammo stadion. Lukass Vapne fekk testa skotfoten og Sebastian Pedersen heada like utanfor, men det var Oliver Hintsa som skulle finne vegen nettmaskene fyrst. Vegard Hagen kriga til seg ballen på midtbana og fann toppscoraren vår på veg framover. Svensken kom til avslutning, og ballen gjekk via ein fot og i ein flott boge over keeper til 0-1!

Raufoss heva seg etter scoringa i mot og kom til nokre gode moglegheiter utover i omgangen. Lars Jendal måtte i aksjon ved fleire høve, men etter 40 minutt måtte han hente ballen ut av eige mål. Kebba Badjie kom seg fri til venstre og fekk pressa inn utlikninga. Heldigvis er toppscoraren vår tilbake i scoringsform.

For det tok ikkje lang tid før karadn svarte. Ronney Onyango spelte fri Oliver Hintsa åleine med keeper like før pause. På iskaldt vis lobba han ballen over keeper og i mål til 1-2 og ei fortent leiing til pause. 

Etter pause var det større grad av kontroll for karadn, og det var lite som satte Lars Jendal på prøve utover omgangen. Framover var det fleire som prøvde seg, og Kasper Skaanes fekk blant anna testa skotfoten utan hell. Etter 69 minutt spelt kom spikeren i kista, og det var Sebastian Pedersen som ville vere med på morroa. Lukass Vapne piska inn eit flott innlegg frå venstre, og Pedersen stanga inn dagens 3. scoring. Det betyr 1-3-siger og 3 herlege poeng!

Me ser no framover mot neste kamp som kjem allereie på laurdag. Egersund kjem på besøk til Fosshaugadn, og det blir ein veldig viktig kamp i jakta på opprykkskvalifiseringa. Me treng støtta frå tribuna, og håpar å sjå dykk på kamp!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: