Endeleg tre poeng på bortebane
Det vart meir spennande enn me hadde håpa dei siste minutta, men me vann! A-laget Video
Me tok årets første trepoengar på bortebane då Strømmen vart slått 3–2 søndag kveld.
Atli Barkarson scoret sitt første mål i Sogndal-drakt då han feia inn 1–0 frå distanse etter 27 minutt. Islendingen hamra til frå 16 meter etter at skotet til Oliver Hintsa vart blokkert.
Strømmen utlikna etter 52 minutt. Sebastian Pedersen sende oss tilbake i leiinga med si femte skåring for sesongen. Atli Barkarson hadde fri bane på venstresida og slo inn langs bakken mot Seb. Han sette breisida til og feira på karakteristisk vis.
Oliver Hintsa auka til 3–1. Fabio Sturgeon fann først Kasper Skaanes med ei gjennombruddspasning. Skaanes løp frå Strømmen-forsvaret og kunne ha skote sjølv. I staden valde han usjølvisk å spele fram Hintsa, som fekk ei enkel oppgåve med å setje ballen i mål.
Strømmen reduserte etter berre fem minutt. Med 2–3 på resultattavla jaga heimelaget desperat utlikning.
Me heldt unna og sikra årets første bortesiger.
-
20Asp
-
36Årøy
91'
-
32Øren
61'
-
17Dos Santos Sturgeon
61'
91'
-
19Pippola
-
15Helén
81'
-
24Bieszczad