Endring i dagleg leiing

Ingrid Narum held fram som dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball og Gisle Olsen er einige om å avslutte arbeidsforholdet i rollen som dagleg leiar. Me takkar Gisle for innsatsen gjennom tida i klubben og ønskjer han lukke til vidare.

Ingrid Narum, som har vore konstituert dagleg leiar i 2026, held fram som dagleg leiar i Sogndal Fotball.

– Eg ser fram til å bidra vidare i klubben saman med alle som kvar dag legg ned ein viktig innsats for Sogndal Fotball. Eg er motivert for arbeidet som ligg framfor oss, og for å utvikle klubben vidare, seier Narum.

Annonse fra Obos-ligaen: