Endringar i støtteapparatet

Gamal kjenning tilbake i klubben, slik blir årets trenarteam

I morgon startar Eirik Bakke og kompani opp att etter ein periode med treningsfri. 

- Det skal bli godt å koma i gang att, seier Eirik.


Nokre er gått ut av trenarteamet, og nye er komen inn. Det er klart at Terje Skjeldestad går heilt ut av teamet rundt A-laget for å vera utviklingssjef.

Manageren sjølv, Dag Martin Fardal, er med også i år som materialforvaltar.

- Dag Martin er utruleg viktig for oss. Han er sjefen og har alltid kontroll, seier Bakke.

Rune Bolli Bolseth tek steget opp frå å vera toppspelarutvikliar til å bli assistenttrenar.

- Bolli har vore med nokre år no og har lært mykje. No som Terje er ute må han ta meir ansvar, og det er noko han er klar til å ta.

Marius Bøe AalesundH 2017 Foto - Rune Sjøberg (deleted 5153e9e73938045d3e77807f3aba1420)
Marius Lenni Bøe er tilbake i klubben


Marius Bøe er tilbake i Sogndal Fotball
I tospann med Bolli har me ein gamal kjenning. Marius Lenni Bøe er tilbake i klubben etter å ha vore i NFF Sogn og Fjordane som trenarutviklar nokre sesongar. Han har óg mykje erfaring frå aldersfastlagde landslag.

- Marius kjenner me godt frå før, og han kjem inn med mykje internasjonal kompetanse og erfaring. Det er veldig kjekt å ha han tilbake.

Bakke rosar kretsen ved Svein Olav Myklebust for at det var mogleg å henta Marius tilbake til klubben.

- Dei har heile tida søkt etter løysingar slik at Marius skulle få denne moglegheiten, det er me særs glade for, seier Bakke.

Trond Vegard Ripe har takka av. Trond har flytta austover etter tre år som medisinsk ansvarleg, og har byrja i ein sivil jobb. Knut Ripe trer ut av apparatet rundt A-laget og skal no vera rundt Sogndal 2 og som ressurs for utvikling. Inn kjem ein ung, svolten bergensar; Didrik Sundsbø. Han har vore i Åsane, og blir med som fysisk trenar og medisinsk ansvarleg.

Geir Stenehjem skal halda keeperane våre i god form også i år.

Oppsummert ser dermed støtteapparatet slik ut:
Eirik Bakke, hovudtrenar
Rune Bolseth, assistenttrenar
Marius Lenni Bøe, assistenttrenar
Dag Martin Fardal, materialforvaltar
Geir Stenehjem, keepertrenar
Didrik Sundsbø, fysisk trenar/medisinsk ansvarleg

Annonse fra Obos-ligaen: