Engasjerte funksjonærar samla før ny sesong og jubileumsår

Laurdag 24. januar samla Sogndal Fotball mange av funksjonærane våre til funksjonærsamling på Fosshaugane Campus.

Samlinga markerte ein viktig start på jubileumsåret 2026 og samla frivillige som er heilt avgjerande for gjennomføringa av heimekampane våre. Våre frivillige er ryggrada i klubben!

Sogndal Fotball inn i 2026

Gjennom dagen fekk deltakarane ei orientering om fokusområda for klubben inn i 2026, og status og førebuingane inn mot ny sesong for heimekampane. Det var òg sett av god tid til dialog og gruppearbeid rundt rolla som funksjonær på heimekamp, med verdifulle innspel og refleksjonar frå deltakarane.

Samlinga vart avslutta med omvising på Fosshaugane Campus og treningskampen mellom Sogndal og Sandviken i Sognahallen.

Hovudtrenar Luis Pimenta var òg innom samlinga og delte siste nytt frå sport og arbeidet som blir lagt ned rundt A-laget før sesongstart.

I tillegg tok Yngve Hallén oss gjennom utviklinga av Fosshaugane Campus – eit resultat av langsiktig arbeid, tydelege val og mange engasjerte folk som har drege i same retning. Det er ikkje sjeldan at funksjonærane våre får ros når store klubbar kjem på besøk og opplever det flotte anlegget vårt!

Frivillige – ryggrada i klubben

Gjennom jubileumsåret 2026 er målet å skape engasjement, glede og stoltheit i å vere ein del av klubben. Me skal mellom anna ha ekstra fokus på:

  • Struktur og god kommunikasjon
  • Tydelege roller og god informasjon
  • Involvering og medverknad
  • Å støtte, ta vare på og verdsetje frivillige

Utan frivillige – ingen heimekamp 🖤🤍
Tusen takk til alle som deltok, delte innspel og bidrog til å utvikle Sogndal Fotball vidare – saman.

👉 Vil du bli frivillig eller funksjonær på heimekampane våre?
Les meir og meld di interesse her: Bli frivillig i Sogndal Fotball

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: