
Episode 31 av Sofapraten med Gisle: Teigen om Kronekampen
Kronekampen er tema i dagens episode av Sofapraten Sofapraten med Gisle
Sofapraten med Gisle er ein spalte som blir publisert kvar måndag. Dagleg leiar Gisle Olsen set seg ned i sofaen og tek ein prat med aktuelle gjester om ulike tema. Her kan du få gode historiar, refleksjonar og anna tullprat!
I episode 31 av Sofapraten med Gisle er det Terje Teigen som er gjest. Han og Gisle forklarar konseptet kronekampen, som me arrangerer i heimekampen mot Moss laurdag 23. august. Både bedrifter og privatpersonar kan bli med på dugnaden, og hjelpe klubben på vegen mot dei økonomiske måla. Meir info om kronekampen kjem her på heimesida.
STAO NO PAO!