Erik Flataker er månadens unge spelar i OBOS-ligaen!

Spissen vår har blitt kåra til den beste unge spelaren i OBOS-ligaen for april 2025!

Erik Flataker frå Måløy har blitt kåra til månadens unge spelar i OBOS-ligaen for april 2025! Prisen blir delt ut av Norsk Toppfotball og TV 2 og er ein del av dei offisielle kåringane til ligaen!

Juryen si begrunning er følgjande:

- Unggutten har fått mye tillit fra Luis Pimenta i starten av sesongen, og han har virkelig levert varene på topp. Han har scoret i hver kamp siden seriestart, og det blir spennende å følge han videre denne sesongen. En jury bestående av Norsk Toppfotball og TV 2 kårer Erik Flataker til månedens unge spiller i OBOS-ligaen for april.

Erik har fått ein fantastisk start på sesongen, og det har resultert i målpoeng. På dei fyrste 4 kampane har han scora i alle, i tillegg til å notere seg for ein målgivande pasning. I tillegg til å levere som spiss har han også vore ei viktig brikke som leiarfigur i laget. Hovudtrenar Luis Pimenta trekkjer spesielt fram prestasjonen mot Sandviken der Erik måtte bidra som defensiv midtbanespelar. Sjå video frå garderoben under:


Erik vil bære kapteinsbindet i kampen mot Mjøndalen i morgon, og etter treninga tok me ein prat med den ferske prisvinnaren:


Det vart ei god oppleving for både spelarar og publikum når ein drog sigeren i land mot Odd. No håpar me på like god stemning mot Mjøndalen! Ta med vennar og familie, kjøp billett og kom på kamp!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Erik Flataker med prisen som månaedens unge spelar for april
Erik Flataker med det synlege beviset

 

Annonse fra Obos-ligaen: